Os frivilligsentral held til i Det gamle kommunehuset på Kyrkjeflaten, og organiserer ei rekke ulike aktivitetar for ulike grupper, som til dømes hobbytreff, teikne- og malekurs, aktivitetsvenn, språktreff mm. For frivillige lag og organisasjonar kan frivilligsentralen vere ein samarbeidspartnar og eit kontaktpunkt.
Du er òg hjarteleg velkomen innom for ein kopp kaffi og ein prat!
Les meir på våre nettsider Os frivilligsentral i Hordaland, følg oss på facebook Os frivilligsentral | Facebook og Instagram
Vi driv og BUA Bjørnafjorden, utlånssentralen i kommunen. Sommaren 2021 opna BUA Os vegg i vegg med biblioteket i Holtbrekka 7, med gratis utlån av friluftsutstyr. Hausten 2022 opna BUA Eikelandsosen i Kommunetunet.
Her kan du lesa meir om utstyrsbiblioteket BUA Bjørnafjorden,
Følg BUA Bjørnafjorden på Facebook og Instagram.