§ 1 Utvida bandtvang
I område av kommunen der husdyr har rett til å beita og faktisk beiter, og i område der vilt som skal beskyttast har sitt leveområde, skal hundar haldast i band eller forsvarleg innestengt eller inngjerda frå 1. april til og med 30. september.
a. Hundar skal vidare haldast i band eller forsvarleg innestengd eller inngjerda heile året i parkar, på kyrkjegardar, grav- og urnelunder, på og ved skular, barnehagar og anlegg for leik og idrett, sport eller rekreasjon.
§ 2 Unntak fra bandtvangsreglane
Bandtvangsreglane gjeld ikkje for
- Dressert bufehund når den vert brukt til å vakta storfe, sau, geit, fjørfe, hest eller vilt, under dette viltets egg, reir og bu.
- Hund i aktiv politi-, toll-, militær- og redningsteneste eller hund under trening og prøving for slik teneste.
- Hund i aktiv bruk som ettersøkshund etter såra, skada eller sjukt vilt.
- Hund når den vert brukt i jakt, jakthundtrening og jaktprøver.
- Hund i dressurtrening og aktiv konkurranse.
- Trente førarhundar i nærleiken av brukar.
§ 3 Forsøpling
I område som nemnd i § 1a skal den som eig eller har omsorg eller hand om ein hund, sørga for at hundeavføringa vert fjerna. Tilsvarande gjeld for område for offentlege badeplassar, turvegar samt i og i tilknytning til bustadområde eller handleområde. Såkalte hundeposar skal ikkje kastast i naturen eller i vegkanten.
§ 4 Straff
Brot på denne forskrifta er straffbart og kan straffast etter reglane i hundelova § 28.
Forskrift er gjeven med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehald (hundelova).
Forskrift er vedtatt av Os kommunestyre på møte 15.12.09, sak 88/09.
Arkivsak: 08/1032-34