Fritidsfiske

Bjørnafjorden er eit eldorado for fritidsfiskarar, anten du vil fiske etter laks i Oselvo, røye i Skogseidvatnet eller torsk, sei, lyr og makrell i sjøen. 

Lokale reglar

Hugs å sjekke kva reglar som gjeld der du har lyst til å fiske. I ferskvatn er det grunneigar som avgjer kva fiskereglar som skal gjelde. Det betyr at to fiskevatn som ligg ved sida av kvarandre kan ha vidt forskjellige reglar for kven som kan fiske og når det er lov, og om du treng fiskekort. 

Ofte må du ta direkte kontakt med grunneigar for å finne ut kva reglar som gjeld, men til ein del vatn og elvar kan du kjøpe fiskekort på nettportalen iNatur. Her er nokre lokale eksempel:   

Oselvo

Oselvo er ei kjend lakseelv, med aukande laksestamme. Årleg blir det fiska mellom to og tre tonn laks. Heile Oselvvassdraget er varig verna mot utbygging.

Du må ha fiskekort for å fiske i Oselvo. Les meir om laksefiske i Oselvo eller kjøp fiskekort på Inatur.

Skogseidvatnet

Skogseidvatnet er kjent for stor røye. På iNatur finn du fiskereglar for vatnet og dei største vassdraga i Hålandsdalen.

Raudlio 

Området Raudlio og Stokkedalen er kommunen sin eigedom. Til Inste og Ytste Raudlivatnet kan du kjøpe fiskekort på iNatur, og sjekke på kartet kva som er forbodssone i det inste vatnet.   

Vindalsvatnet

I Vindalsvatnet på Søfteland er er det fritt fram for vaksne og barn å fiske utan fiskekort. 

Hugs årleg fiskeravgift

For å fiske etter laks og sjøaure i norske vassdrag, må du i tillegg til å kjøpe fiskekort, betale den årlege fiskeravgiften til Miljødirektoratet.

Fritidsfiske i sjøen

Det finst mange fine fiskeplassar i skjærgarden vår. Du kan fiske frå både land og båt heile året. For fiske etter sjøaure og laks, må du vere merksam på fredningssonene, som den ved munninga av Oselva (sjå kart og meir informasjon om dette hos statsforvaltaren i Vestland).  Hugs også å respektere minstemålet på all fisk. Du treng ikkje fiskekort for å fiske i sjøen.

Sjekk oppdaterte reglar

Hos Norges jeger- og fiskerforbund (NJFF) finn du reglane for kvar og når barn under 16 år fiskar gratis, og når du må kontakte grunneigar for å få løyve til å fiske. 

Utleige av båt og kajakk