BupliktI mange tilfelle vil det vere buplikt på garden. Denne kan følgje direkte av lova, eller vere fastsett som eit vilkår for konsesjon.Har du overteke ein landbrukseigedom frå nær slekt, treng du i utgangspunktet ikkje konsesjon, og du kan du nytte deg av eigenfråsegnskjema om konsesjonsfritak. Då er det viktig at du er merksam på at du forpliktar deg til å busetje deg på garden innan eitt år, og bu der i fem år. Dersom du ikkje skal/kan busetje deg på eigedomen innan denne fristen, må du søkje konsesjon. Har du kjøpt eit gardsbruk i den opne marknaden, treng du i dei fleste tilfelle konsesjon. I samband med konsesjonshandsaminga kan det, av omsyn til busetjinga i området, bli sett vilkår om buplikt i medhald av konsesjonslova § 11. Om du ikkje kan eller vil busetje deg på eigedomen, kan du klage på vilkåret. Til liks med andre konsesjonsvilkår, kan ein også søkje om å få det endra, t.d. dersom ein ikkje kan flytte til garden innan fristen, eller ønskjer å flytte frå den før buplikta er oppfylt.Les meir hos landbruksdirektoratet om buplikt Publisert av Martha Heggland Sist endra 30.09.2024 14:08