DrivepliktDriveplikta er fastsett i jordlova § 8, og omfattar fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite, slik desse arealkategoriane er definert i NIBIO si klassifisering.Driveplikta er utan tidsavgrensing, og gjeld uavhengig av storleik på arealet og om arealet ligg i område regulert til Landbruk-, natur- og friluftslivområde (LNF-område) i kommuneplanen eller ikkje. Det er eigaren som må sørgje for at driveplikta vert oppfylt. Han kan drive areala sjølv, eller leige dei bort på 10-årige, skriftlege avtaler. Dette gjeld uavhengig av om tidlegare eigar hadde fritak. Det kan søkjast om fritak frå driveplikta. Søknad skal sendast til kommunen, men det er i utgangspunktet høg terskel for å få slike søknader innvilga. Kortare bortlegeavtaler kan derimot bli aksepterte dersom det ligg føre gode grunnar.Driveplikta skal syte for at jorda sine produksjonseigenskapar vert oppretthaldne, og den inneber at areala skal haustast og kultiverast årleg.Les meir om driveplikt og jordleige - Statsforvaltaren i VestlandLes meir hos landbruksdirektoratet om driveplikt. Publisert av Martha Heggland Sist endra 30.09.2024 14:08