Kjøp av kunstgjødsel

For å kunne kjøpe gjødsel med over 16 % nitrogeninnhald, må du ha ei stadfesting på at du er godkjent brukar.

Reglar fra Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap gir  følgande brukarar rett til å kjøpe gjødsel med høgt nitrogeninnhald:

  • Profesjonelle brukarar som nyttar ammoniumnitrat til sprengningsføremål og som har løyve til å handtere eksplosivar.
  • Jordbrukarar, til bruk ved jordbruksnæring, anten på heiltid eller deltid.
  • Personar med yrkesverksemd innan hagebruk, plantedyrking i drivhus, vedlikehald av parkar, hagar eller sportsanlegg, skogbruk eller liknande aktivitetar.

Det er forbode å selje gjødsel med 16 % eller meir nitrogen frå ammoniumnitrat til privatpersonar eller andre enn dei som er nemnde over. 

Søk om attest for kjøp av kunstgjødsel

Kontakt

Øystein Svalheim
Rådgjevar
Telefon: 95884074
Mobil: 95884074
Karianne Agathe Tveitnes
Rådgjevar
Telefon: 45632100
Mobil: 45632100