Spesielle miljøtiltak innan landbruk

Gjeld tilskot til tiltak som fremjar natur- og kulturverdiane i kulturlandskapet i jordbruket og reduserer forureininga frå jordbruket.

SMIL/Tiltak i beiteområde – enkel veljar
Bjørnafjorden landbrukskontor
SMIL/tiltak i beiteområde – finn rett tiltak
Vel først ordning, deretter kva del av drifta tiltaket gjeld, og så type tiltak. Til slutt får du opp det viktigaste + eit kort søknadseksempel + sidehenvising i hovuddokumentet.
Satsar og prioriteringar

SMIL – tilskot (utdrag)

* Kommunen kan setje lågare sats etter vurdering. ** Tilskot/prosent blir vurdert i kvar sak.
Tiltak Maks godkjent sats for kostnadsoverslag Maks prosentsats Maks tilskotssats
Eige arbeid (inkl. motorsag o.l.) 350 kr/time ** **
Eige arbeid med maskin og redskap 800 kr/time ** **
Planlegging- og tilretteleggingsprosjekt Kostnadsoverslag 100 % **
Biologisk mangfald Kostnadsoverslag 80 % **
Beiterydding Kostnadsoverslag 70 % 3 000 kr/dekar
Gjerde, ved rydding av kulturbeite Kostnadsoverslag 50 % 200 kr/meter
Digitalt gjerde Kostnadsoverslag 50 % 1 989 kr/stk
Etablere/restaurere styvingstre Kostnadsoverslag 50 % **
Friluftsliv og tilgjenge Kostnadsoverslag 50 % **
Kulturminne og kulturmiljø Kostnadsoverslag 50 % **
Steingard/andre landskapselement Kostnadsoverslag 50 % **
Forureining Kostnadsoverslag 50 % **
Fjerning av piggtråd- og gamlegjerder Kostnadsoverslag 50 % 15 kr/meter
Friareal gås Kostnadsoverslag 70 % **

Tiltak i beiteområde – tilskot (utdrag)

* Kommunen kan setje lågare sats etter vurdering. ** Tilskot/prosent blir vurdert i kvar sak.
Tiltak Maks godkjent sats for kostnadsoverslag Maks prosentsats Maks tilskotssats
Eige arbeid (inkl. motorsag o.l.) 350 kr/time ** **
Eige arbeid med maskin og redskapar 800 kr/time ** **
Investeringstiltak Kostnadsoverslag 50 % **
Elektronisk overvakningsutstyr Kostnadsoverslag 70 % **
Elektronisk gjerde Kostnadsoverslag 40 % **
Planleggings- og tilretteleggingsprosjekt Kostnadsoverslag 70 % **

Kva blir prioritert?

  • Tiltak med høg verknadsgrad per tilskotskrone blir prioriterte.
  • Ny drivar/etablering av ny drift blir prioritert i oppstartsfase (om lag tre år).
  • Fellestiltak/dugnad eller tiltak som kjem allmenta til gode blir prioriterte.
  • Produksjonstilskot-føretak blir prioriterte før reine jordeigarar som leiger bort jord.
  • Restaurering: særmerkte og sjeldne bygningstypar blir prioriterte høgare.
  • Gamal kulturmark: manuelt arbeid i bratt terreng kan bli prioritert over maskinelt arbeid.
  • Avrenning til vatn er særleg prioritert satsingsområde i perioden.
  • Fellestiltak i beitelag blir prioriterte framfor søknader frå enkeltbrukarar utan organisert beitebruk.
  • Tiltak som kan redusera tap av dyr på beite blir prioritert høgt.
  • Tiltak som bidreg til å ta i bruk attgrodd/ikkje nytta utmarksområde blir prioriterte.
  • Tiltak som hindrar at aktive utmarksareal går ut av bruk blir prioriterte.
  • Nye tiltak og søkjarar som ikkje har fått tilskot på lenge kan bli prioriterte ved stor pågang.
  • Mindre tiltak som beitelaget normalt kan dekkje med ordinære driftsmidlar blir prioriterte lågare.
Finn tiltak

Vel tiltak

Vel ordning, del av drifta og type tiltak. Du får opp krav, eksempel og sidehenvising.
Dette styrer kva tiltak og kategoriar som blir viste.
Dette filtrerer tiltaka til det som oftast er relevant.
Vel ordning og del av drifta først.
Vel ordning og del av drifta.
Kartvedlegg Kostnadsoverslag/tilbod Bilete Plan for drift/skjøtsel/vedlikehald
Dette er “minimumspakka” i mange søknader.

Kven kan søkje?

Den som eig eller leiger ein landbrukseigedom der det går føre seg jordbruksproduksjon med tilskotsrett, kan søkje tilskot. Den som leiger, må ha godkjenning frå eigaren. Privatpersonar og føretak kan søkje om tilskot.

Slik søkjer du

Søk om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

Søknadsfrist er 1. april.

Formålet er å fremje natur- og kulturminneverdiane i jordbrukets kulturlandskap og redusere forureininga ut over det som kan forventast gjennom vanleg jordbruksdrift.

Prosjekta og tiltaka skal prioriterast ut fra lokale målsettinger og strategier. Søknadane behandlast fortløpande av Landbrukskontoret inntil årets midler er brukt opp.

SMIL-ordninga er fastsett i forskrift om tilskudd til spesielle miljøtiltak i jordbruket. 
Sjå lokal retningslinje for tildeling av tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket  (PDF, 2 MB)