Tilskot til tiltak i beiteområde

Tilskotet gjeld tiltak som bidreg til å legge til rette for best mogleg bruk av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremje fellestiltak i beiteområda.

Kven kan søkje?

Målgruppa er beitelaga i Bjørnafjorden, Samnanger og Tysnes.
Der det av naturgjevne eller driftsmessige årsaker ikkje ligg til rette for samarbeid, kan landbruksføretak som har rett på produksjonstilskot også søkje.

Søknadsfrist er 15. mars.

Kva kan du søkje på?

Sjå lokale retningslinjer for tildeling av tilskot til tiltak i beiteområde i Bjørnafjorden, Samnanger og Tysnes. (PDF, 341 kB)

Slik søkjer du

Sjå meir informasjon og søk på Landbruksdirektoratet sine sider

Kontakt

Karianne Agathe Tveitnes
Rådgjevar
Telefon: 45632100
Mobil: 45632100