Krav til skogskjøtsel er regulert i skogbrukslova og forskrift om bærekraftig skogbruk.
Krava gjeld for all skog og skogmark. Skogeigar er ansvarlig for aktivitet i eigen skog, og skal sikre at alle tiltak i skogen blir gjennomført i samsvar med krava. Dette gjeld også dersom arbeidet blir utført av andre.
Formål med krava er å fremme berekraftig forvaltning av skogressursane i landet, med sikte på
- aktiv lokal og nasjonal verdiskaping
- å sikre det biologiske mangfaldet, omsyn til landskapet, friluftslivet og kulturverdiane i skogen
- sikre miljøverdiane i skogen, aktiv forynging og oppbygning av ny skog og god helsetilstand i skogen
Etter hogsttiltak skal skogeigar sørge for at det kjem opp ny skog, og stelle denne slik at den kan produsere skogsvirke i framtida. Plikta til å forynge er ikkje oppfylt før forynging er etablert.
Skogeigar, eller den som gjer arbeid på vegner av skogeigar, skal ta nødvendige omsyn til biologisk mangfald, friluftsliv, landskap og kulturverdiar ved aktivitet i eigen skog.
Treng du hjelp til organisering og oppfølging av nødvendige tiltak i skogen din?
Kontakt skogbruksansvarleg i kommunen for faglege råd om skjøtsel av skog.