Skogsdrift i vanskeleg terreng

Hest

Skogsdrift med hest er ei driftsform som har lange tradisjonar og i tillegg er svært miljøvenleg. Hestedrift kan vere nyttig der det skal takast ut enkelte tre i vanskeleg terreng, der traktor eller større maskiner ikkje kjem fram.

Taubanedrift

Taubane er ei driftsform som eignar seg godt i bratt og ulendt terreng, over mindre dalsøkk, elver, til og frå platå og i annan skog som står vanskeleg tilgjengeleg.   
Det reknast som taubanedrift når det blir spent opp berekabel eller brukt returline og returblokk. 

Strekklengda på taubana kan vere over 400 meter, og det er mogleg å bruke bukketre for å betre løftet over knekkpunkt i terrenget. Ved ei rasjonell taubanedrift bør likevel strekklengda ligge under 300 meter, for å få til det, trengst eit tett utbygd vegnett, 25–30 meter veg per ha. Dette er langt meir enn vi har i dei fleste skogsområde på Vestlandet. Ettesom det er så gode finansieringsordningar for skogsvegar, med både tilskot og skogfond, vil det som oftast vere ei svært lønsam investering å bygge ut vegnettet før skogsdrifta kjem i gang. Det trengst derfor god og nøyaktig planlegging, i dei fleste tilfelle saman med naboane, før ein set i gang.

Med god driftsplanlegging og førebuing kan du oppnå monaleg reduksjon på driftsprisen. 

Det blir gitt tilskot per kubikkmeter for taubane. Ta kontakt med kommunen eller virkeskjøpar for nærare info. 

Hjelpevinsj / vinsjassistert hogstmaskin og lastetraktor

Det finst fleire ulike hjelpevinsjar på marknaden. Alle sikrar skogsmaskinen i bratte bakkar, men etter litt ulike prinsipp: nokre er montert på eige understell, nokre på gravemaskin og nokre på skogsmaskinen.  

Ved skogsdrift i bratt og vanskeleg terreng ønsker vi at det blir brukt taubane eller vinsjassistert skogsmaskin framfor at det blir grave . 

 

Her finn du meir informasjon om ordninga, og søknadsskjema:
Tilskot til skogsdrift med taubane, hest og andre driftsmetoder

Kontakt

Michal Westfal
Rådgjevar
Telefon: 99086269
Mobil: 99086269
Michal Westfal
Rådgjevar
Telefon: 99086269
Mobil: 99086269