SøknadsskjemaOversikt over søknadsskjema utarbeidd for Bjørnefjorden landbrukskontor, samt nasjonale søknads- og rapporteringsskjema. Søknad om konsesjon ved overtaking av fast eigedom Når ein eigedom er omfatta av konsesjonsplikt, må ny eigar innhente løyve for å overta eigedommen. Søknad om konsesjon skal sendast kommunen der eigedommen ligg innan fire veker etter at avtalen om overdraginga vart inngått eller erververen fekk rådvelde over eigedommen.Søknad om konsesjon Bakkeplanering Dette baserer seg på forskrift som omfatter nydyrking av arealer til jordbruksformål. Med nydyrking meiner ein fulldyrking og overflatedyrking av jord. (Gjenoppdyrking av jordbruksareal som har lagd unytta i over 30 år, regnast som nydyrking.) Faktaark fra Miljødirektoratet (PDF, 4 MB) Lenke til søknadsskjema Forslag til avtale mellom grunneigar, tiltakshavar og/eller entreprenør for Jordtipp (DOC, 69 kB) Forslag til avtale mellom grunneigar, tiltakshavar og/eller entreprenør for Midlertidig inngrep på dyrka mark (DOC, 67 kB) Underteikna avtale(r) må ligge ved søknaden Klikk her for å undersøke om det finst arter på raudlista i området Bygdeutviklingsmidler (BU-ordningen) Er du bonde og har behov for å investere i driftsbygning eller utvikle ny næring på gården? Då kan du få støtte gjennom fylkesvise bygdeutviklingsmidlene. Det forutsettes at tiltaket er miljømessig forsvarleg. Landbrukskontoret kan bistå med søknader om støtte til tiltak som er prioritert i tråd med gjeldande landbrukspolitikk. Du kan få hjelp til utforming av søknad og orientering om mulighetene for finansiering. For meir informasjon om hva som er prioriterte satsingsområder og kva krav som kan stilles til søknaden, se: Innovasjon Norge - landbruk Gjødslingsplan Alle foretak som disponerer jordbruksareal med planteproduksjon og som har rett til produksjonstilskudd, skal ha gjødselsplan. Ein kan søke om fritak frå krav om gjødselsplan. Bjørnafjorden landbrukskontor kan dispensere fra kravet om gjødslingsplan for foretak med jordbruksarealer som drives svært ekstensivt for Tysnes-, Samnanger- i tillegg til Bjørnafjorden kommune Kjøp av kunstgjødsel For å kunne kjøpe gjødsel med meir enn 16% nitrogeninnhold må du ha ei stadfesting på at du er godkjent bruker. Regler fra Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap gir kun følgande brukarar rett til å kjøpe gjødsel med høgt nitrogeninnhold: Profesjonelle brukarar som nytter ammoniumnitrat til sprengningsformål og som har løyve til å handtere eksplosiver. Jordbrukarar til bruk ved jordbruksnæring, enten på heiltid eller deltid. Personer med yrkesvirksomhet innan hagebruk, plantedyrking i drivhus, vedlikehald av parker, hager eller sportsanlegg, skogbruk eller liknande aktivitetar. Det er forbudt å omsette gjødsel med 16% nitrogen eller mer fra ammoniumnitrat til privatpersoner eller andre enn de som er nevnt ovenfor Søknadsskjema Kvotefri jakt på hjortekalv Det er gitt dispensasjon fra hjorteviltforskriften §18 – tillatelse til kvotefri jakt på hjortekalv i Bjørnafjorden, Samnanger og Tysnes kommuner jaktsesongen 2024/2025For å registrere valdet for kvotefri jakt på hjortekalv, sender ein inn dette skjemaet: Landbruksveg Tiltak som ikkje er søknadspliktige: Opparbeiding av oppstillingsplass for landbruksmaskinar til bruk på eigedomen eller enkle avkøyringar frå godkjente landbruksvegar. Det same gjeld enkle og mellombelse driftsvegar som berre medfører små terrenginngrep. Små terrenginngrep er planering med samla omfang på inntil 150 meter eller på areal mindre enn 450 m², der fylling/skjering ikkje fører til meir enn 1 meter avvik frå det opphavelege terrengnivået (sjå unntaket ovanfor) Søknadsskjema skal brukast dersom tiltaket skal behandlast etter landbruksvegforskrifta, det vil sei når over 50 % av samla nytte er knytt til landbruksverksemd. (Skjema er basert på LDIR 902, som ev kan printast og sendast inn per post. Sendast då til Bjørnafjorden landbrukskontor, pb 24, 5649 Eikelandsosen) Motorferdsel i utmark og vassdrag/start og landing med luftfartøy Motorferdsel i utmark og vassdrag er som hovudregel forbode for å verne om naturen og miljøet. Motorferdsellova opnar likevel for motorferdsel i utmark til visse formål som næring og nyttetransport. Du må då søke kommunen om løyve. Søknadsskjema Nydyrking Gjeld godkjenning av plan for fulldyrking og overflatedyrking av udyrka mark, eller gjenoppdyrking av jordbruksareal som har vore unytta i over 30 år. Søk på Landbruksdirektoratet sine nettsider Produksjonstilskot innan jordbruk Formål med produksjonstilskot i jordbruket er å bidra til eit aktivt og bærekraftig jordbruk innanfor dei målsettinger Stortinget har trukket opp. Fristane er 15. mars og 15. oktober. Du kan lese meir om dette på landbruksdirektoratet si nettside Produsentnummer Alle som skal levere landbruksprodukter må ha eit produsentnummer. Nummeret er knytt til gårdsnummer, bruksnummer og organisasjonsummer, (eller fødselsnummer for hobbyføretak) For å få eit produsentnummer fyller du ut søknadsskjema Regionalt miljøprogram innan jordbruk – RMP tilskudd Søknadsfristen er 15. oktoberHer kan du søke RMP tilskot - Regionalt miljøtilskotOpplysningane du legg inn i søknaden i år kan hentast fram igjen til neste år. Tilskotet vert vanlegvis utbetalt i mars måned året etter.Tilskotsordninga er etablert for å oppretthalde kulturlandskapet og hindre forureining fra landbruket. Tiltaka og satser blir bestemt ut i fra kva Statsforvalteren i Vestland ser på som dei største miljøutfordringane i fylket.Satsene justerast årleg.Har du spørsmål til søknad om regionalt miljøtilskot, kan du finne meir informasjon på Landbruksdirektoratets nettsider om regionalt miljøtilskudd , eller ta kontakt med Landbrukskontoret SMIL - Spesielle miljøtiltak innan landbruk Gjeld tilskot til tiltak som fremjar natur- og kulturverdiane i kulturlandskapet i jordbruket og reduserer forureininga frå jordbruket. Kven kan søkje? Den som eig eller leiger ein landbrukseigedom der det går føre seg jordbruksproduksjon med tilskotsrett, kan søkje tilskot. Den som leiger, må ha godkjenning frå eigaren. Privatpersonar og føretak kan søkje om tilskot. Søknad om tilskudd til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) Formålet er å fremje natur- og kulturminneverdiane i jordbrukets kulturlandskap og redusere forureininga ut over det som kan forventast gjennom vanleg jordbruksdrift. Prosjekta og tiltaka skal prioriterast ut fra lokale målsettinger og strategier. Søknadane behandlast fortløpande av Landbrukskontoret inntil årets midler er brukt opp. SMIL-ordningen er fastsatt i forskrift om tilskudd til spesielle miljøtiltak i jordbruket Spreieareal for husdyrgjødsel Husdyrgjødsel skal berre spreiast på godkjend spreieareal. Du kan søke om å få godkjend anna areal som spreieareal, aktuelt kan være innmarksbeite og frukthage. Søknad om godkjenning av spreieareal for husdyrgjødsel Forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav Forskrift om gjødslingsplanlegging Spreiing av husdyrgjødsel - utsatt frist Spreiing etter 1. september utan nedmolding krev særskilt løyve, jf. forskrift om organisk gjødsel. Søknad om utsatt frist for spreiing av husdyrgjødsel Søk om omdisponering av dyrka og/eller dyrkbar jord eller deling av landbrukseigedom Eigar av landbrukseigedom kan søke om deling og/eller omdisponering av ein landbrukseigedom. Ein slik søknad behandlast etter JordlovaJordlova §9, Dyrka jord må ikkje brukast til føremål som ikkje tek sikte på jordbruksproduksjon. Dyrkbar jord må ikkje disponerast slik at ho ikkje vert eigna til jordbruksproduksjon i framtida.Departementet kan i særlege høve gi dispensasjon dersom det etter ei samla vurdering av tilhøva finn at jordbruksinteressene bør vika. Ved avgjerd skal det mellom anna takast omsyn til godkjende planar etter plan- og bygningslova, drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området, kulturlandskapet og det samfunnsgagnet ei omdisponering vil gi. Det skal òg takast omsyn til om arealet kan førast attende til jordbruksproduksjon. Av Jordlova § 12 andre ledd går det fram at "Skal dyrka jord takast i bruk til andre formål enn jordbruksproduksjon, eller skal dyrkbar jord takast i bruk slik at ho ikkje vert eigna til jordbruksproduksjon i framtida, kan samtykke til deling ikkje gjevast utan at det er gjeve samtykke til omdisponering etter § 9."Les meir på Landbruksdirektoratet sine siderSøk om omdisponering av dyrka og/eller dyrkbar jord eller deling av landbrukseigedom Søknad om skadefelling Skadefelling er eit tiltak for å avgrensa skade som skadegjerande viltartar gjer på ei interesse som skal vernast mot skaden. Løyve til skadefelling av hjort kan innvilgast dersom vilkåra i naturmangfaldlova § 18 første ledd bokstav b er oppfylte. Det er kommunen som fattar vedtak om løyve til skadefelling på hjort jf. naturmangfaldlova § 18 siste ledd Søknadsskjema Tilskot til drenering av jordbruksjord Føretak som eig eller leiger jordbruksareal som tidlegare er grøfta, kan søkje om tilskot. Vi kan også gje tilskot til eigaren av eit jordbruksareal som blir leigd ut. For planerte areal kan vi i tillegg gje tilskot til areal som ikkje tidlegare er grøfta. Tilskot til drenering av jordbrukdsjord Viltfond Søknadsskjema Det kommunale viltfondet er kommunen sine inntekter frå fellingsavgift og fallvilt. Bruken av desse midlane blir regulert av forskrift om kommunale og fylkeskommunale viltfond § 5: Fondet kan brukast til: Tilskudd til tiltak for å fremme viltforvaltning, styrke kunnskapen om viltet, jaktorganisering m.m. i kommunen og nabokommuner gjennom samarbeid i regi av organisasjoner, enkeltpersoner eller kommunen selv. Å dekke kommunens utgifter til ettersøk og håndtering av skadd vilt og fallvilt i kommunen. Tiltak for å forebygge skader på landbruksnæring voldt av hjortevilt. Fondet kan ikkje brukast til: Kommunal og fylkeskommunal administrasjon av viltforvaltningen (faste utgifter til lønn, møtegodtgjørelser, reiser mv.). Å erstatte skader voldt av vilt. Skuddpremier. Gjennom den gjeldande hjorteviltstrategien legg kommunen føringar for bruk av viltfondet i høve til skader på landbruksnæring påført av hjort. Desse føringane er ikkje utfyllande, men søknadar som er i tråd med føringane kan handsamast delegert, medan søknadar som ikkje er i tråd med føringane vert lagt fram for politisk handsaming. I samband med særs verdfull avling som til dømes juletre, frukttre og grønsaker utover eige bruk, eller rundt lagerplassar for rundballar, kan det søkast om tilskot til oppsett av viltgjerde. Inngjerding gjeld berre avgrensa område, og føremål med produksjon må vere kommersiell sal. Det vert ikkje gitt tilskot til gjerde for å hindra skade på grasproduksjon. Det kan gjevast tilskot til materialkostnadane frå det kommunale viltfondet til: inngjerding av juletre-, frukt og bær- og grønsaksproduksjon – inntil 75 % inngjerding av attlegg med straumgjerde og lagerplass for rundballar – inntil 50 % Maksimal tilskotsbeløp er på kr 30 000,- av materialkostnadane for inngjerding. Vidare kan vald og bestandsplanområde søkje tilskot til kompetansebyggjande tiltak. Samarbeidsprosjekt vert prioritert i vurderinga. Publisert av Martha Heggland Sist endra 30.09.2024 14:09