- Ta ut kjeven straks dyret er slakta
- Flå og grovreins kjeven
- Minst ein heil kjevehalvdel inkludert alle framtennene skal leverast
- Fest korrekt merkelapp til kjeven og heng kjeven til tørk (til det sluttar å lukte, helst på ein kjøl med vifte)
- Bruk tørkepapir rundt kjeven. Legg på nytt tørkepapir før levering
- Lever i papirpose/pappeske. Unngå å pakke kjeven i plast
Underkjevar frå alle felte hjort (kalvar, eittåringar og eldre dyr av begge kjønn) skal merkast med utlevert merkelapp. Fyll ut merkelappane med dei nødvendige opplysningane og lever kjeven til rette vedkommande.
Jaktfeltleiar og valdleiar, saman med jeger, har ansvar for at dette blir gjort. Valdleiaren skal organisere henting og fordeling av merkelappar. Valdleiaren skal organisere innsamling og levering av kjevar.