Fondet kan brukast til:
- Tilskudd til tiltak for å fremme viltforvaltning, styrke kunnskapen om viltet, jaktorganisering m.m. i kommunen og nabokommuner gjennom samarbeid i regi av organisasjoner, enkeltpersoner eller kommunen selv.
- Å dekke kommunens utgifter til ettersøk og håndtering av skadd vilt og fallvilt i kommunen.
- Tiltak for å forebygge skader på landbruksnæring voldt av hjortevilt.
Fondet kan ikkje brukast til:
- Kommunal og fylkeskommunal administrasjon av viltforvaltningen (faste utgifter til lønn, møtegodtgjørelser, reiser mv.).
- Å erstatte skader voldt av vilt.
- Skuddpremier.
Gjennom den gjeldande hjorteviltstrategien legg kommunen føringar for bruk av viltfondet i høve til skader på landbruksnæring påført av hjort. Desse føringane er ikkje utfyllande, men søknadar som er i tråd med føringane kan behandlast delegert, medan søknadar som ikkje er i tråd med føringane blir lagt fram for politisk behandling.
I samband med særs verdfull avling som til dømes juletre, frukttre og grønsaker utover eige bruk, eller rundt lagerplassar for rundballar, kan det søkast om tilskot til oppsett av viltgjerde. Inngjerding gjeld berre avgrensa område, og føremål med produksjon må vere kommersielt sal. Det blir ikkje gitt tilskot til gjerde for å hindre skade på grasproduksjon.
Det kan gjevast tilskot til materialkostnadane frå det kommunale viltfondet til:
- inngjerding av juletre-, frukt og bær- og grønsaksproduksjon – inntil 75 %
- inngjerding av attlegg med straumgjerde og lagerplass for rundballar – inntil 50 %
Maksimalt tilskotsbeløp er på kr 30 000 av materialkostnadane for inngjerding.
Vidare kan vald og bestandsplanområde søke tilskot til kompetansebyggande tiltak. Samarbeidsprosjekt blir prioritert i vurderinga.