Kunnskapsprøver for sals- og skjenkeløyve

Det er to typar kunnskapsprøve: Ei for salsløyve i butikk og ei for skjenkeløyve på serveringsstad.

Kven kan ta kunnskapsprøve?

Alle kan ta kunnskapsprøvene. Dersom du skal bli godkjent som styrar eller avløysar på stader med sals- eller skjenkeløyve, må du ha bestått prøva. Du må i tillegg ha fylt 20 år. 

Slik går du fram for å ta prøvene

Alle i Bjørnafjorden kommune må avlegge prøva i Bergen kommune. Meir informasjon om korleis du søker kan du finne på Bergen kommune sine heimesider.

Pensum

Det finst bøker og anna læremateriell som inneheld det du treng å vite før kunnskapsprøvene, for eksempel på vinn.no.

Kva kostar det?

Det kostar kr 400,- å avlegge kunnskapsprøva.