Kommunedelplan for naturmangfald

Vinnesleiro blei verna som naturreservat i 1995. Våtmarksreservatet er eit viktig trekkområde, der det er registrert 21 vadefuglartar. Simen Soltvedt

Høyringsrunden er avslutta. Her kan du følge den politiske behandlinga.


Naturmangfald er det store mangfaldet av liv i naturen - på land, i ferskvatn og i sjø. Alt frå små insekt og planter til store dyr og ulike naturtypar. Det handlar om kor mange ulike artar som finst, kor dei lever, og korleis dei fungerer saman i naturen. Jo meir mangfald, jo sterkare og meir robust blir naturen.
Det er laga eit planprogram som skildrar kva planen skal handla om, korleis vi skal laga den, og korleis vi skal sikra medverknad frå innbyggarane og andre. 

 Her finn du Planprogram for KDP for naturmangfald, som har vore på høyring. 

Litt om bakgrunnen for planarbeidet

Naturen er sjølve grunnlaget for menneskeleg eksistens, men den har òg ein eigenverdi. Ved å oppretthalde artsmangfald og fungerande økosystem vil vi få ein robust natur. Ein robust natur sikrar oss naturgode som mat, medisinar, vassreinsing, luftreinsing, nedbryting av avfall, pollinering og rekreasjon, no og i framtida. Naturen er såleis viktig også i eit folkehelseperspektiv. 

Noreg har gjennom FN sin konvensjon for biologisk mangfald forplikta seg til å stanse tapet av naturmangfald. Regjeringa vedtok også nyleg naturmangfaldmeldinga «Meld. St. 35 (2023-2024) Bærekraftig bruk og bevaring av natur – Norsk handlingsplan for naturmangfold». 

Berekraftig bruk og forvaltning av naturen er avgjerande for å stanse tapet av naturmangfald. Naturen er også vesentleg både for å avgrense og handtere klimaendringar. Vi må derfor i mykje større grad sjå natur- og klimautfordringane i samanheng. Kommunane spelar ei viktig rolle i å ivareta naturmangfaldet, gjennom å gjere vedtak om arealbruk for heile kommunen sitt areal etter plan- og bygningslova. I arbeid med heimel i denne lova har kommunane eit særskilt ansvar for å sikre at omsyn til naturmangfaldet blir integrert i all arealplanlegging og byggesaksbehandling. Dette inneber at kommunane må ta vare på økosystem, artar og naturtypar når dei utarbeider planar og gir løyve til tiltak. 

I Vestland ligg 77 % av det verna arealet høgare enn 1000 m.o.h., medan det store naturmangfaldet lever lågare enn 500 m.o.h. Ofte finn vi naturmangfaldet i område der også menneska har etablert seg, gjerne i tettstadar og byar. Knapt 4 % av arealet opp til 500 m.o.h. i Vestland er verna, og det gjer kommunane til dei viktigaste naturforvaltarane.

Det er behov for auka fokus på og kunnskap om naturmangfald, kva artar vi har her i kommunen og kva som trugar deira utbreiing og livskraft. Det er vidare behov for å gjere den kunnskapen vi har meir tilgjengeleg gjennom digitalisering og kommunikasjon, slik at alle som forvaltar naturen i ei eller annan form, kan ha oppdatert kunnskap. Forvaltarar av natur reknast her som saksbehandlarar i det offentlege, dei folkevalde, landbruket, skogbruket og andre næringsinteresser, grunneigarar og brukarar av natur- og friluftsområde.