Når og korleis kan eg vere med og påverke?

Det er tre såkalla medverknadsfasar i arbeidet med kommuneplanen sin arealdel (KPA). Innbyggarane kan kome med innspel eller merknader, avhengig av kor langt vi er komne i arbeidet.

Simen Soltvedt

Når kan eg sende inn merknader til planforslaget?

Vi startar på sjølve planforslaget i 2026. Dette må ferdigstillast og kvalitetssikrast. Planen er at formannskapet skal sende planforslaget på høyring i våren 2027. Då blir det anledning til å kome med merknader til forslaget.
 Før vi legg planforslaget ut på høyring, kjem vi til å invitere til nye folkemøte.

Merk: vi kjem ikkje til å opne for nye innspel om arealbruk i denne fasen, då det vil krevje nye utgreiingar og høyringsrundar, og forsenke planprosessen med inntil eitt år.

Vi begynte på planarbeidet våren 2025 

Bjørnafjorden kommune starta opp arbeidet med kommuneplanen sin arealdel våren 2025. Kommuneplanen sin arealdel (KPA) er den store planen for heile kommunen som avgjer kva areala i kommunen kan brukast til i perioden 2027-2038.  

Kommunestyret skal behandle ferdig KPA i 2027

Målet for planarbeidet er å utarbeide den første felles arealdelen for kommuneplanen for Bjørnafjorden kommune, med hovudfokus på Bjørnafjorden aust, altså tidlegare Fusa kommune. Tema vi skal sjå på er mellom anna bustader, næring, offentleg føremål, natur og folkehelse, og å lage ein felles plan for sjøareala.  

Planfolka i kommunen skal jobbe med KPA (kommuneplanen sin arealdel), fram til Bjørnafjorden kommunestyre gjer endeleg vedtak sommaren 2027. Her finn du tidslinja for planarbeidet.  

Kva har skjedd så langt?

Arealplanen for Bjørnafjorden vest, tidlegare Os kommune, blei vedtatt i 2023, den er altså ganske ny. Målet er at den skal ligge mest mogleg fast, men vi skal mellom anna sjå på behov for næringsareal og areal til offentleg føremål.

KPA skal skape rom for framtidig utvikling i kommunen. Planen skal følge opp måla for ønskt samfunnsutvikling og arealstrategiane i kommuneplanen. 

KPA-arbeidet er så omfattande at lova krev at vi først utarbeidde eit planprogam. Det vil i praksis seie ein plan for korleis vi skal lage planen. Det kan høyrast kronglete ut, men det må til. Viss vi berre begynner i ein tilfeldig ende kan vi hamne kvar som helst. 

Desse to prosessane gjekk altså parallelt frå september 2025 til februar 2026:

  • Planprogrammet låg ute til gjennomsyn i seks veker. Fristen for å sende merknader var 31. oktober 2025. 
  • Alle kunne sende innspel om ny arealbruk i eit eige skjemam som var ope i fem månader, frå september 2025 til 15. februar 2026. 

Planprogrammet

Planprogrammet skildrar mål og arealstrategiar for planen, og kva tema og oppgåver som blir vektlagt. Dokumentet gir ei oversikt over planprosessen med viktige tidsfristar, og korleis Bjørnafjorden kommune vil informere og involvere innbyggarar, næringslivet, sektormynde og andre aktørar undervegs. Planprogrammet har vore ute til offentleg ettersyn.

Fristen for å sende merknader til planprogrammet var 31. oktober 2025. 

Innspel om ny arealbruk

I ein periode på fem månader, frå september 2025 til 15. februar 2026 var det ope for å komme med innspel til ny arealbruk i arealdelen til kommuneplanen, innanfor dei temaa som kommunen har bestemt at planprosessen skal handle om denne gongen.

Innbyggarane kunne blant anna komme med innspel om nye bustadområde på austsida av fjorden, og næringsområde, hamneområde framfor eksisterande naustområde og område for naturmangfald, idrett og friluftsliv i heile kommunen. 

Vi fekk inn 380 innspel. Planavdelinga jobbar no med å sortere alle innspela i tråd med desse silingskriteria (PDF, 468 kB).

Har hatt opne folkemøte

Vi ville gjerne høyre meiningane til dei som bur og lever i Bjørnafjorden, og det fekk vi. Arbeidet med kommuneplanen sin arealdel er ein svær prosess, med dokument stappfulle av faguttrykk. Det kan verke ugjennomtrengeleg. Derfor hadde vi folkemøte på Os og i Eikelandsosen i oktober 2025, for å informere så godt vi kunne, og svare på spørsmål. 

I tillegg kunne lag og organisasjonar i Bjørnafjorden aust (gamle Fusa) invitere planavdelinga til lokale møte om KPA og ønska arealinnspel. Fleire slo til på tilbodet. Før innspelfristen 15. februar var kommunalsjef samfunnsutvikling og folk frå planavdelinga på besøk på Baldersheim, i Eikelandsosen, på Holmefjord og Boga, Fusa og i Strandvik. Vertskap var blant anna bygdelag og idrettslag, som hadde organisert besøka ulikt. Nokre bygder arrangerte folkemøte, i andre bygder blei planfolka tatt med på rundtur i bygda, og nokre bygder inviterte til møte med mindre arbeidsgrupper som presenterte lokale innspel frå innbyggarane.