Hausten 2025 skal det veljast nye medlemmar til Bjørnafjorden ungdomsråd. Er du interessert i å vere med?
Du kan melde deg som kandidat når det er val ved skulen din. Det er elevrådet som avgjer kven som skal representere skulen. Ungdomsrådet er òg opent for kandidatar som ikkje representerer ein skule.
Då kan du ta kontakt direkte med oss i ungdomsrådet for å melde deg som kandidat.
Medlemmar i ungdomsrådet blir valde for 2 år, altså for dei to neste skuleåra.
For ungdomsskulen betyr det at de må velje elevar som begynner på 8. eller 9. trinn til hausten, og 1. eller 2. året på vidaregåande skule.