Ordførar Terje Søviknes på kontoret i Bjørnafjorden rådhus på Os.
Ragnhild Stende Bjaadal
Søviknes er oppvaksen på Søvikneset i Lysefjorden, kor han framleis bur. Han har to barn.
Han er utdanna akvaingeniør frå Bergen ingeniørhøgskole i 1992, og har i tillegg siviløkonomistudier frå NHH 1992-1995. Søviknes var sjølvstendig næringsdrivande som fiskar frå 1994 til 1999, før han blei politikar på fulltid.
Terje Søviknes har vore medlem av kommunestyret i Os kommune frå 1991, formannskapet frå 1995 til 2019 og deretter i Bjørnafjorden kommune frå 2019. Han har òg vore medlem av Hordaland fylkesting, seinare Vestland fylkesting, sidan 1995, og medlem av fylkesutvalet sidan 2007.
Han er 2. nestleiar i FrP. Frå 2016 til 2018 var han olje- og energiminister, og frå 2019 til 2020 eldre- og folkehelseminister i Erna Solberg si regjering.
Ordføraren har i følge kommunelova som oppgåve å leie møta i formannskapet og kommunestyret.
Han har i tillegg møte- og talerett i alle andre kommunale organ, men berre stemme- og forslagsrett dersom han er vald medlem. Det er ordføraren som er rettsleg representant for kommunen, og skriv under på kommunen sine vegner dersom ikkje mynde er delegert til andre.