Du kan delta i opne møte
Alle møte i kommunestyret, formannskapet og dei ulike politiske utvala er opne for publikum, med unntak av møta i klagenemnda.
Her ser du oversikt over møtedatoar og saker for utvala i Bjørnafjorden kommune. Klikk på møtet for å få opp meir informasjon om kva saker som skal opp på det aktuelle møtet.
Du kan fremje innbyggarinitiativ
Innbyggarinitiativ eller innbyggarforslag betyr at du som innbyggar i Bjørnafjorden kommune kan sette tema du er opptatt av på den politiske dagsorden.
Innbyggarinitiativ skal vere eit verkemiddel for å fremje nye saker, ikkje for å ta avgjorte saker opp på nytt.
Dersom du fremjer eit forslag, er kommunestyret forplikta til å behandle det innan seks månader.
Slik går du fram for å sende eit innbyggarinitiativ:
- Skriv tydeleg kva forslaget handlar om. Forslaget kan berre behandlast éin gong i løpet av ein valperiode.
- Skaff minst 300 underskrifter frå personar som støtter forslaget. Underskriftene må innehalde fullt namn og adresse.
- Du kan bruke nettportalen minsak.no til å foreslå saker og samle underskrifter.
Du kan ta direkte kontakt med politikarar
Ring eller send e-post til ein politikar eller utvalsleiar.
Vi har dessverre ikkje ei komplett oversikt over telefonnummer og adresse til politikarane lenger. Men du kan gå inn på oversikta over møtedatoar og saker
Du må klikke på eit møte, og nedst finn du oversikt over politikarane som sit i det møtet. Så klikkar du på ein enkelt politikar og får fram kontaktinfo og oversikt over kva for utval politikaren sit i.