Stemme heimeHar du behov for å stemme heime? Slik går du fram:HeimestemmingVeljarar som ikkje er i stand til å ta seg fram til eit vallokale, har krav på å få stemme heimefrå. Dette kan du gjere frå 31. august til 8. september. Frist for å søke om heimestemming er torsdag 4. september klokka 12.00.Søknad om heimestemming må innehalde: Fullt namn Fødselsdato (6 siffer) Nøyaktig opphaldsadresse Telefonnummer Kontakt Bjørnafjorden kommune påtelefon 5657 5000,e-post val@bjornafjorden.kommune.no ellerValstyret i Bjørnafjorden, Postboks 123, 5202 Os.Her kan du søke om heimestemming (gjeld perioden 1. juli-4. september kl. 12.00) Slik skjer heimestemming: To valmedarbeidarar kjem heim til deg i perioden 31. august til 5 september. Før dei kjem, vil dei kontakte deg på telefon for å avtale tidspunkt. Hugs å ta med deg legitimasjon når du skal stemme.Sjå valg.no for meir informasjon om Stortings- og sametingsvalet 2025. Publisert av Elisabeth Farstad Sist endra 29.04.2025 14:30