Dersom du melder flytting til ein annan kommune etter 30. juni i valåret, har du stemmerett i din gamle bustadkommune. Ved melding om flytting før 30. juni i valåret, vil du ha stemmerett i den nye bustadkommunen.
Krav om retting av feil eller klage
Det er ikkje ofte det er feil i manntalet, men vi kan sjølvsagt ikkje utelukke at dette kan skje. Merk at krav om retting av eventuelle feil ikkje gjeld for veljarar som har flytta etter 30. juni. At du flytter etter denne datoen, og dermed står manntallsført i ein annan kommune enn der du er registert som busett på valdagen, er ikkje feil. Det er ikkje høve til å føre manntalet i strid med folkeregisteropplysningar på dette tidspunktet.
Krav om retting av feil, oppdaga feil eller klage skal sendast:
Bjørnafjorden valstyre
Pb 123
5202 OS
eller på e-post til val@bjornafjorden.kommune.no
Politiske kan bestille manntal frå Bjørnafjorden kommune frå DATO:
Tinging av manntal - Bjørnafjorden kommune
Les meir om Stortings- og sametingsvalet 2025 på valg.no
Sametingets valmanntal
Om du ikkje står i Sametingets manntal, skal krav om retting av feil, oppdaga feil eller klage rettast til Sametinget.
E-post samediggi@samediggi.no eller pr. post
Sametinget, pb, 3, 9735 Kàràsjohka-Karasjok.