- Å føde er jo ikkje som på film!

I eit undervisningsrom i 3. etasje på Dragesetbygget på Osøyro sit ein gjeng som alle befinn seg i den underlege og spennande bobla som heiter siste trimester. 
Å skulle bli foreldre for første gong er stort og ukjend. I tillegg er det mildt sagt mykje rar informasjon ute og går. Heldigvis finst det foreldreførebuande kurs! 

Kvart år tar over 100 vordande førstegangsforeldre dette kurset i regi av jordmortenesta og helsestasjon for barn i Bjørnafjorden kommune.

Jordmødrer i Bjørnafjorden kommune med pedagogisk modell. F.v. Hilde Cathrin Mo og Mariann Kvittingen. Ragnhild Stende Bjaadal

Å føle seg trygg

- Sjølv om ein ikkje veit heilt kva ein går til som førstegongsfødande, er det mogleg og lurt å førebu seg og få informasjon om kva som skal og kan skje. Då er det òg lettare å takle det uføreseielege ved ein fødsel. Når dei får kunnskap om kva som skjer i ulike fasar og korleis kroppen fungerer, ser vi at mange gravide går frå å vere engstelege til å kjenne seg tryggare - rett og slett “empowered” som det heiter på godt norsk, smiler jordmor Mariann Kvittingen. 

Fødsel, amming og spedbarnstell

Det foreldreførebuande kurset går over tre kveldar, og tar for seg fødsel, amming og spedbarnstell. Kurset går om lag annankvar månad gjennom heile året, slik at alle førstegongsforeldre skal få tilbod om å delta frå 30. svangerskapsveke. Jordmødrene ved Osøyro nærjordmorsenter, Mariann Kvittingen, Hilde Cathrin Mo, Gry Albriktsen og Janne Skromme, byttar på å stå for innhaldet på kurskveldane om fødsel og amming. Innføringa i spedbarnstell er det helsesjukepleiarar frå helsestasjonen som tar seg av.

Meiningar og myter 

Denne kvelden i mars er det Mariann og Hilde sin tur til å vere kursleiarar for ei lydhøyr forsamling. Temaet er stort og ganske altoverskuggande for gjengen, som har mellom tre dagar og ti veker til termindato: Fødselen.
– Målet med kurset er å trygge og styrke den fødande kvinna og partnaren hennar. Det er mange meiningar og myter om både svangerskap, fødsel og barseltid. Ein fødsel er jo heller ikkje som på film! Derfor er det veldig viktig at vi kan gi gode, realistiske og tydelege svar og råd, slik at fødselsopplevinga blir så god som mogleg, seier jordmødrene.

Kurset blir halde på Dragesetbygget i Os sentrum.

–Stol på kroppen din

Mariann og Hilde fortel om gangen i ein fødsel, om ulike typar smertelindring og ikkje minst om kva den fødande og partnaren sjølve kan gjere for å hjelpe:
– Stol på at kroppen din greier dette. Stol på prosessen. Det er vanvittige krefter i sving i ein fødsel. Viss du greier å spenne av mest mogleg, puste godt og skifte stilling med jamne mellomrom, jobbar du saman med kroppen din, slik at kroppen din kan gjere det han skal. Vit at du kan velje det som kjennest rett for deg. Vi skal hjelpe deg, men ikkje ta styringa frå deg. Dette er din fødsel og di oppleving. Det skulle berre mangle at du ikkje har medbestemmingsrett! seier Mariann til forsamlinga.

 

Ingvil Haldorsen og Christian Tveiterås er med på kurset for førstegongsforeldre. Den vesle jenta i magen er venta rundt 20. april. Ragnhild Stende Bjaadal

–Ta plass

– Eg synest kurset er kjempenyttig, særleg ammedelen. Eg føler meg rett og slett betre rusta. På nett finn ein jo alle slags råd, og det er vanskeleg å vite kva ein skal tru og stole på. Det er òg veldig betryggande at jordmødrene på kurset er så tydelege på at vi kan og skal vere med å bestemme kva som skjer før, under og etter fødselen. For eksempel er det opp til oss om vi vil bli på KK til vi kjenner oss klare til heimreise. Vi skal ikkje kjenne oss pressa til å velje annleis, eller vere redde for å ta plass, seier Ingvil Haldorsen (29). 
Ingvild og sambuaren Christian Tveiterås (32) er nyinnflytta til Bjørnafjorden. Ein ekstra bonus ved kurset er å bli kjent med andre i same situasjon. 
– Paret der borte har termin dagen før oss. Vi har allereie snakka om å halde kontakten inn i permisjonstida, smiler dei to.

Kvifor foreldreførebuande kurs?

 – Vi veit at mange kommunar rundt oss ikkje har eit tilsvarande tilbod til førstegongsfødande. Nokre stader er faktisk ein video alt ein får tilbod om. Det er så verdifullt å kunne møtast fysisk i eit rom, over fleire kveldar. Då blir det mykje enklare å stille spørsmål, snakke saman og støtte og styrke den gravide og partnaren hennar, seier Mariann og Hilde.
Deltakarane betaler 200 kroner for kurset. Dei tilsette i jordmortenesta og helsestasjonen får ikkje noko ekstra betalt for kveldsarbeidet.
– Vi gjer det likevel, fordi vi veit at det er utruleg viktig. Ein ekstra innsats for å styrke og støtte førstegongsfødande, gir mykje større sjanse for ei god fødselsoppleving og barseltid. Det aukar igjen sjansen for at paret ønskjer seg fleire barn. Kurset er rett og slett god samfunnsøkonomi, seier jordmødrene.

Foreldreførebuande kurs i Bjørnafjorden

  • Eit tilbod til førstegongsforeldre busett i Bjørnafjorden kommune som ønskjer å førebu seg på fødsel, amming, barseltid og foreldrerolla.
  • Kurset passar for alle førstegongsfødande rundt svangerskapsveke 30. 
  • Kurset går over tre kveldar, og tar for seg fødsel, amming og spedbarnstell. 
  • Det er plass til 16 deltakarar på kurset, og du/de får tilbod om det kurset som passar i samband med termindato.
  • Kurset går føre seg i Dragesetbygget i Os sentrum, 3. etasje (inngang frå Øyro, ved Lysthuset).
  • Kurset kostar kr 200,- per par. 

Les meir om kurset