- Å snakke norsk er nøkkelen til livet i Noreg

Mohammad Jawad Ragbar var kommandant i det afghanske militæret til Taliban tok over kontrollen i heimlandet. No er han i språkpraksis hos Bjørnafjorden brann og redning. Ragnhild Stende Bjaadal

Mohammad Jawad Ragbar (41) var kommandant i dei afghanske spesialstyrkene som samarbeidde med NATO i Afghanistan.
Då NATO og USA trekte seg ut i 2021, tok opprørsgruppa Taliban over makta i det krigsherja landet, med påfølgande kaos og evakuering av internasjonale styrkar og sivile.
Ekstra farleg blei det for afghanarar som hadde jobba i eller saman med dei internasjonale styrkane. Fleire NATO-land henta ut afghanarar som risikerte livet om dei blei verande - som Jawad og familien.

Nytt liv i Noreg

Familien på sju var blant 900 afghanarar som blei evakuerte av norske myndigheiter. I slutten av august 2021 landa dei på norsk jord, og i eit heilt nytt og annleis tilvære.
Etter nokre månader på Austlandet, kom familien Ragbar til Bjørnafjorden i februar i år.
Jawad og kona følgjer introduksjonsprogram på Vaksenopplæringa, medan dei fem barna på fem, seks, 12, 15 og 18 år er i full gang med barnehage og skulegang. Det har mildt sagt skjedd mykje i livet til familien Ragbar det siste året.

- Vi er så takksame

- Familielivet er travlare i Noreg enn i Afghanistan. Om morgonen er det opp, ut og av garde til ulike stader for alle saman. Men vi trivst veldig godt her. Vi er så takksame for at vi har fått sjansen til å bu i dette landet. Barna mine får utdanning og vi får økonomisk støtte til vi kan forsørgje oss sjølve. Barna mine trivst, lærer raskt og gjer det godt på skulen. Til og med minstemann på fem år rettar på språket mitt no, ler Jawad.

Skulen er ikkje nok

Språkopplæring er ein sentral del av introduksjonsprogrammet, som alle flyktningar og innvandrarar mellom 18 og 55 år med opphaldsløyve har rett og plikt til å delta i. Programmet omfattar både samfunnsfag og norskopplæring. 
- Klasserommet er sjølvsagt veldig viktig når ein skal lære seg eit nytt språk. Men vi ser at dei som i tillegg får øve på å snakke norsk i ein naturleg situasjon, lærer seg språket raskare og betre. Og når ein meistrar språket, opnar dørene seg til så mykje anna i det norske samfunnet, seier rektor ved Vaksenopplæringa i Bjørnafjorden, Are Sæverudsø Lygre.

Vinn-vinn

- Målet mitt no å få nøkkelen til livet i Noreg - å lære det norske språket, seier Jawad.
To dagar i veka fram til jul har han språkpraksis ved Bjørnafjorden brann og redning. Først og fremst for å øve på å snakke og forstå norsk, men i følgje fungerande brannsjef Erik Walden er det ein vinn-vinn-situasjon.
- Vi såg fort at Jawad var ein ekstra ressurs for oss. Han er jo ein tøffing som har erfaring frå litt av kvart. Han forstår og lærer fort, og det er tydeleg at han er van med å jobbe og tenke beredskap, seier Walden. På brannstasjonen er Jawad med i alt av vanleg drift, som klargjering og reingjering av utstyr og bilar, trening og øvingar. Han har til og med vore med på utrykning - Men berre som observatør, altså, understrekar Walden.

Frå venstre: fungerande brannsjef Erik Walden, brannførebyggar Håvard Bøthun og språkpraktikant Mohammad Jawad Ragbar. Ragnhild Stende Bjaadal

Gyllen moglegheit

Brannstasjonen hadde ikkje hatt folk i språkpraksis tidlegare, men var nysgjerrige då førespurnaden kom frå Flyktningtenesta, via tidlegare flyktningkonsulent, no brannførebyggar, Håvard Bøthun. 

- Eg veit kor verdifullt og effektivt språkpraksis kan vere. Eg veit òg at bedrifter kan vegre seg mot å ta inn folk fordi dei trur det er ein forventnad om jobb i andre enden av praksisen. Men slik er det ikkje. Språkpraksis er nettopp og "berre" det - ei gyllen moglegheit til å snakke mykje norsk i ein naturleg situasjon. Språkpraksis er integrering i praksis. Det er rimeleg og effektivt, og vinn-vinn for både den som gir og den som får moglegheita, seier Bøthun.

Væpna med brannslangar

Sjølv om det er mange ting som er annleis i Noreg, er Jawad meir opptatt av det vi har til felles.
- Vi er alle menneske. Det er uansett mykje som er likt. Men på min tidlegare arbeidsplass kjempa vi med våpen. Her kjempar dei med brannslangar, smiler Jawad - som er svært glad for akkurat denne skilnaden. 
Samtalen føregår på norsk, ispedd kroppsspråk og nokre engelsk ord når meir innfløkte ting skal forklarast. I tillegg har Jawad med seg ei notisbok over alt, kor han skriv ned spørsmål, nye ord eller setningar. I boka har han òg skrive, på norsk, kva han set pris på ved praksisplassen ved Bjørnafjorden brann og redning.

Jawad ber med seg notisboka si, slik at han kan skrive ned ord han lurer på og sine eigne refleksjonar - på norsk.

Gir energi

- Eg føler meg ikkje som ein framand blant desse folka. Det er ein vennleg atmosfære her. Alle svarar vennleg og ope når eg spør om noko. Det gir meg energi å vere her blant desse modige folka, seier Jawad. - Og det gir meg energi å vere til nytte.

Kva er språkpraksis?

Språkpraksis betyr at flyktningar og innvandrarar som deltar i introduksjonsprogram får praktisere norsk på ein arbeidsplass. Hensikta med ein slik praksis er å styrke språket og gi erfaring til bruk i vidare opplæring, både i arbeidslivet og norsk språk.

  • Offentlege og private arbeidsgivarar tar inn ein eller fleire språkpraktikantar i bedrifta to dagar i veka, i ein tidsavgrensa periode.
  • Språkpraktikanten skal, så langt det er mogleg, utføre dei same arbeidsoppgåvene som dei andre tilsette i bedrifta.
  • Arbeidet skal ikkje lønnast, sidan deltakaren får introduksjonsstønad frå kommunen.

 

Kvifor språkpraksis?
  • Språkpraksis fremjer inkludering og integrering.
  • Språkpraksis kan gjere vegen inn i arbeidslivet i Noreg lettare å gå.
  • Det er ofte nødvendig å vise til jobberfaring frå Noreg når ein søkjer jobb. Språkpraksis gir jobberfaring.

 

 

Kva får bedrifta?
  • Eit ekstra par hender i ein travel kvardag. Arbeidet skal ikkje lønnast, sidan deltakaren får introduksjonsstønad frå kommunen
  • Erfaring i tverrfagleg samarbeid
  • Bli kjend med ein person som kan vere aktuell for framtidig arbeid
  • Kompetanse som ein fleirkulturell arbeidsplass
Kva får deltakaren?
  • Øving i å snakke norsk
  • Betre motivasjon til å lære betre norsk
  • Kunnskap om norsk arbeidsliv og kultur
  • Eit realistisk bilete av kva som er forventa av ein arbeidstakar i Noreg
  • Opplæring i nye arbeidsoppgåver og moglegheit for å bruke allereie opparbeidd yrkeserfaring
  • Inkludering i eit arbeidsfellesskap og nettverk

Er du og din arbeidsplass interessert i å tilby språkpraksis?

Ta kontakt for ein open og uforpliktande samtale med
Are Sæverudsød Lygre, rektor ved Bjørnafjorden vaksenopplæring, telefon 971 81629send e-post
eller Marita Hjelle i Flyktningtenesta, telefon 984 35 940/ send e-post