I april 2022 mangla over 30 prosent av bjørnafjordingane fastlege. Seks av 24 fastlegeheimlar stod ledige - og vi fekk så godt som ingen søkjarar på utlysingane.
Eitt år seinare har Bjørnafjorden fått ti nye legar. Det er 143 ledige plassar på listene.
- Bjørnafjordenmodellen for fastlegar har vore ein suksess for oss. Derfor held vi sjølvsagt fram med den, seier Görtz.
Svært mange kommunar manglar fastlegar
Kommunar over heile landet slit med å få tak i legar. 207 000 nordmenn er utan fastlege. Legeforeningen meiner at fastlegane dei siste åra har fått for mange nye oppgåver utan å ha fått ekstra ressursar.
Framlegg for lengre pasientlister
Eit regjeringsoppnemnd ekspertutval la i midten av april fram forslag til korleis arbeidsvilkåra for fastlegane kan bli betre, slik at dei held fram å jobbe i kommunane og det blir enklare å rekruttere.
Eitt av tiltaka blir innført allereie frå 1. mai. Tiltaket er å tilpasse satsen for basistilskotet - altså summen legen får frå staten per pasient på lista si - til ulike grupper av pasientar. Fleire pasientar med stort behov for oppfølging på lista, vil dermed gi større basistilskot. Dette skal gjere det meir lønnsamt for legane å ha pasientar som krev meir.
Avskrekkande arbeidsbelastning
- Det er flott at utvalet ser på korleis fastlegekrisa kan løysast. Mange, særleg nyutdanna, legar kvir seg for å starte opp i eigen praksis fordi arbeidsbelastninga er så stor. Lange pasientlister, mykje papirarbeid og økonomisk utryggheit som sjølvstendig næringsdrivande verkar avskrekkande. Derfor vel mange heller å jobbe i ulike vikariat - eller ved eit sjukehus, seier Görtz.
Økonomisk tryggheit
Bjørnafjordenmodellen består av fleire samanhengande tiltak, sjå oversikt over alle tiltaka her.
Eitt av tiltaka er at fastlegane får 1000 kroner per pasient, som er det statlege basistilskotet pluss eit ekstra tilskot frå kommunen.
- Det ekstra basistilskotet frå kommunen gjer det mogleg å ha færre pasientar på lista, og å følgje opp pasientane på ein ordentleg måte, utan at det går utover økonomien ved legekontoret. I tillegg gir det tryggheit å vite at kommunen kjøper tilbake heimelen om ein skulle ønskje å avvikle i løpet av dei tre første åra, seier Anette Hetlevik, fersk fastlege ved Os Almennpraksis.
Tid til pasienten og tid til å ha eit eige liv
- Vi stod i ein krisesituasjon i fjor. For å syte for nok fastlegar til innbyggarane våre, måtte vi gjere det attraktivt å vere fastlege hos oss. Vi måtte gjere noko for å både behalde fastlegane vi hadde og rekruttere nye.
Legane ønskjer tid til pasienten og tid til å ha eit eige liv, i tillegg til fagleg utvikling og økonomisk tryggheit. Nettopp dette har vi tatt omsyn til i Bjørnafjordenmodellen. Fastlegane tar vare på innbyggarane våre, og kommunen skal legge til rette for ei god allmennlegeteneste. Allmennlegetenesta er sjølve inngangsporten til helsesystemet - og skal og må fungere. Vi har fått gode resultat med modellen vår, og derfor held vi sjølvsagt fram med den, seier Görtz.