Beredskapsvener frå Fusa Røde Kors, sanitetsforeiningane på fusasida av fjorden og brann/redning/kommunen starta markeringa av Eigenberedskapsveka 2024 i Bjørnafjorden med stand på Fjord’n nærsenter 26. oktober. F.v. Ivar Hellebø (FRK), Steinar H. Olsen (brann/redning), Bodil Hansen (FRK), Ragnhild Holmefjord og Mette Marie Rosvold (saniteten). Kommuneoverlege Klaus Melf (t.h.) stod for den offisielle opninga.
Kristin S. Scharffscher
Takk til frivillige beredskapsmedarbeidarar!
Bjørnafjorden kommune har fleire «beredskapsvener» som hjelper oss med å handtera beredskapshendingar. Røde Kors-laga og sanitetsforeiningane på begge sider av fjorden er døme på slike gode vener. Sist laurdag stod dei på stand i Fjord’n nærsenter i Eikelandsosen og informerte om eigenberedskap. I morgon kan innbyggarane møta dei på Amfi Os.
Kommunedirektør Arild McClellan Steine vil gjerne retta ei stor takk til dei frivillige beredskapsmedarbeidarane som stiller på både i den årlege Eigenberedskapsveka og ved reelle hendingar. Det kan vera t.d. ved leite- og redningsaksjonar, under koronavaksinering, eller om det skulle bli behov for å oppretta evakuerte- og pårørandesenter ein eller annan stad i kommunen.
Hjelp kvarandre
Kommunedirektør Arild M. Steine slår eit slag for samarbeid under kriser.
EMB. Vangsnes
Steine minner om at vi alle er ulike, og at det er ein styrke. «Familiemedlemer, vener og naboar har ulike eigenskapar, kunnskapar og ressursar. Slik kan vi utfylla kvarandre og hjelpa kvarandre».
Det er ikkje sikkert at det er mogleg for alle der dei bur å ha alt det som står på sjekklista frå nasjonale styresmakter. Ikkje alle har plass til å lagra nok drikkevatn. Og det er ikkje vedomn i alle husvære. Samarbeid gjerne med familie, vener og naboar om eigenberedskap, oppfordrar kommunedirektøren.
Det kan vera lurt å snakka saman om dette før det blir nødvendig: Kva kan eg hjelpa med? Og kven? Kva greier eg ikkje skaffa åleine? Og kven kan eg få hjelp frå?
Her er nokre døme på korleis vi kan hjelpa kvarandre:
- Førstehjelp ved skadar.
- Omsorg og støtte.
- Opphald og overnatting dersom nokon må evakuerast frå heimen sin.
- Omsetjing og forklaring av informasjon frå styresmaktene.
- Byte eller bytelån av utstyr og varer.
- Praktisk hjelp til bruk av utstyr og verktøy.
- Innkjøp, bering og transport.
- Felles matlaging.
- Lån av mobiltelefon som er kopla til eit anna nett.