Eigenberedskapsveka 2024: Er du førebudd på å halda varmen?

Har du tenkt gjennom korleis du skal sikra lys og varme i heimen dersom straumen blir borte? I den kalde årstida kan det fort bli både mørkt og kaldt. Har du det du treng? 

Brannmann med vedsekk og brannsløkkingsapparat - Klikk for stort bileteBjørnafjorden brann og redning, her representert ved Jan Olav Birkeland frå brannførebyggande avdeling, rår deg til å tenka gjennom korleis du kan greia å halda varmen utan elektrisk straum. Og minner om at vi ikkje må gløyma sløkkeutstyr og brannvernråd. EMBVangsnes

Førebu deg til hauststorm og kulde

Varabrannsjef og leiar for beredskapsavdelinga i Bjørnafjorden brann og redning, Erik Walden, tar oss med på eit lite tankeeksperiment: Tenk deg at kraftig storm skadar kraftleidningane i eit stort geografisk område. Det er òg store skadar på vegar og annan infrastruktur. Tusenvis av husstandar i Bjørnafjorden mistar straumen. Du er midt i eit mørklagt nabolag. Det er kaldt ute. Og det tar fleire dagar før alle får straumen tilbake. 

  • Korleis få lys?
  • Kva brukar du til oppvarming?
  • Har du ei varmekjelde som ikkje er avhengig av straum?

Lystips

Lys er gjerne det enklaste, seier Walden, og oppfordrar innbyggarane til å ha eit lager med stearinlys og fyrstikker eller lighter. I tillegg er det lurt å ha lommelykter eller hovudlykter klare – saman med ekstra batteri. «Og ver obs på brannfaren ved bruk av open eld. Gå ikkje frå brennande stearinlys i eit rom. Sjekk at du har godkjend sløkkeutstyr og røykvarslarar som fungerer».

Korleis halda varmen?

Tenk gjennom om du treng å bruka heile huset eller leilegheita under ei krise, oppfordrar Erik Walden, og legg til at det er lurt å avgrensa kor mange rom du brukar, slik at det blir mindre å varma opp. Trekk for gardinene og heng opp teppe mellom rom for å redusera varmetap.

Uansett kvar du bur, hjelper varme klede og pledd, dyner eller soveposar på for å halda varmen, viss du blir utan straum nokre dagar. 

Bur du i eit hus der det er mogleg, er det lurt å ha vedomn. Hugs å lagra nok ved. Og så er det viktig at eldstad og pipe er godkjend og i god stand, minner varabrannsjefen om. Han ber oss vera obs på å ikkje «strupa» lufttilførsla for å spara på veden – det fører berre til dårleg forbrenning, mindre varme og fare for pipebrann.

Tips til alternativ oppvarming

Alternativt kan du ha ein annan type omn i reserve – gass- eller parafinomn som er laga for bruk innandørs. 
Erik Walden tipsar oss òg om at eit tur-/campingsett med gass eller raudsprit, ikkje berre gir kokemoglegheit for mat; det gir også varme. Viss det blir brukt som varmekjelde, er det reintbrennande og ok. Men hugs at når ein lagar mat på tursett, så vil det avgi giftige gassar under koking eller steiking – ver derfor særleg obs i små rom eller telt, og sørg for god lufting. 

Varabrannsjefen minner om at det er avgrensa kor mykje gass og brannfarleg væske du kan lagra i bustaden din. I tillegg er det svært viktig å følga sikkerheitstiltaka ved bruk og oppbevaring av brannfarleg gass og andre farlege stoff som bensin og raudsprit.

Nødstraum/alternativ straumkjelde i form av aggregat, solceller eller batteri med 230 volts uttak, kan òg vera verd å vurdera. Då må du hugsa å setta deg godt inn i råd og reglar for trygg bruk.

Hjelp kvarandre!

Sist, men ikkje minst er det å hjelpa kvarandre eit godt råd: Er det nokon du kan få vera hos, dersom du ikkje har alternativ oppvarming? Eller er det nokon du kan invitera heim til deg, dersom du sjølv har varme?

Prøv deg på ei enkel øving!

Les meir:

Du finn fleire råd og tips på sikkerhverdag.no 

Maksimalt tillatt mengde brannfarleg gass/væske lagra i husvære: