Heima best-prosjektet: Framtidsretta omsorg

“Jobb smartare!” har vore eit mantra i Bjørnafjorden kommune dei siste åra. Men korleis jobbar vi eigentleg smartare?

Heima best-prosjektet er eit forsøk på å løyse ei av dei verkeleg store samfunnsutfordringane våre: Fleire eldre og pleietrengande, samstundes som vi er færre til å jobbe i helse- og velferdstenestene. 
No har prosjektet til og med vunne ein pris for innovasjon. 

Lengst og best mogleg i eigen heim

Målet med Heima best er å utvikle dei kommunale heimetenestene, og legge til rette for at folk kan bu lengst mogleg i eigen heim. 

–  Før budde ein kanskje ti år på ei buavdeling på ein aldersheim. Slik er det ikkje lengre. Det er ikkje nok institusjonsplassar, bemanning eller ressursar rundt om til å dekke behovet vi no vil møte. Derfor må vi tenke annleis og rigge tenestene på ein annan måte enn tidlegare, seier prosjektleiar for Heima best, Hanne Kårstad Engeseth.

Målet med Heima best er å utvikle dei kommunale heimetenestene, og legge til rette for at folk kan bu lengst mogleg i eigen heim. Unsplash

Ikkje gå i hjelpefella

– Enkelt forklart prøvar vi å jobbe meir tverrfagleg og utnytte fagkompetansen til dei tilsette meir målretta. Målet er at brukarane skal kunne styre mest mogleg av sin eigen kvardag sjølve, og at vi ikkje skal gå i “hjelpefella” , det vil seie å gjere ting for brukaren som han eller ho treng å øve på og meistre sjølv. Vi systematiserer arbeidet og diskuterer problemstillingar på tvers av fagområde, fortel Kårstad Engeseth, som tok over prosjektleiarrolla for Heima best i vår.

To pilotavdelingar

Heima best er testa ut på to avdelingar i heimetenestene i Bjørnafjorden: Gruppe 2 Fusa og Avdeling 3 Os. Forskarar frå NORCE og Høgskulen på Vestlandet har følgt arbeidet undervegs.

– Vi tenker nok ikkje så mykje over at vi blir forska på, smiler avdelingsleiar for Avdeling 3 Os, Hilde Hjelle. Avdelinga hennar har prøvd ut den nye arbeidsmetodikken dei to siste åra. 

Avdeling 3 Os i Heimetenestene er ei av to pilotgrupper i prosjektet. Frå venstre og rundt bordet: Cathrine Bjelkarøy Steensen, Line Næss, Hilde Hjelle, Håvard Limstrand, Morgan Lyssand, Victoria Bjørgo Haarvei, Julia Fagerthun og Vegard Ludvigsen. Ragnhild Stende Bjaadal

Systematisering og kvalitetssikring

– Brukarane merkar nok ikkje forskjell. Først og fremst handlar det om kartlegging, systematisering og kvalitetssikring av oppgåvene våre. Vi har jamlege “tavlemøte” på avdelinga, kor alle tilsette samlar seg rundt ei fysisk tavle og vi saman går gjennom brukarane og skriv opp det som gjeld kvar enkelt. Slik sikrar vi at vi er fleire som har den same informasjonen. Det blir mindre sårbart enn om kvar enkelt tilsett må hugse å vidareformidle beskjedar i ein svært travel kvardag, seier Hjelle.
Heimetenestene gjennomfører òg familiemøte med pårørande til brukarar, for å gå gjennom kva heimetenesta har ansvar for og kva brukaren og dei pårørande kan gjere sjølve.

Arbeidstavlene står sentralt i Heima best-prosjektet.

Nyttig samarbeid på tvers

– Det aller beste som har kome ut av Heima best, synest eg er dei tverrfaglege tavlemøta vi har med ergo- og fysioterapitenesta kvar veke. Det er veldig nyttig å diskutere ulike problemstillingar, få råd og tips og saman kome fram til moglege løysingar. Det har vore verkeleg bra, og noko eg håpar vi kan ta med oss vidare inn i alle avdelingar i heimetenestene når prosjektperioden for Heima best er over ved nyttår, seier Hjelle.

 

Om Heima best-prosjektet

Heima best er ein del av forskingsprosjektet INCA, som vann årets forskings- og innovasjonspris på Kunnskapskommunekonferansen i Bergen i september. INCA står for Innovation in municipality home-based health care services, enkelt omsett til innovasjon i kommunale heimetenester, og er eit samarbeid mellom NORCE, Senter for omsorgsforskning ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Bergen kommune og Bjørnafjorden kommune.

Frå prisutdelinga på Kunnskapskommunekonferansen. Foto: Vilde Opheimshaug Moheim

I grunngivinga for prisen, heiter det mellom anna at: 
INCA er et innovasjonsprosjekt som har ført til ny organisering av hjemmesykepleien i både Bergen og Bjørnafjorden kommune. (…)
I Bjørnafjorden, kjent som «Heima best», har prosjektet bidratt til en omstilling mot nye arbeidsmåter og tjenester. På mange måter er Bjørnafjorden tidlig ute i den omstillingen som vi ser mange kommuner også må gjennom fremover – både i å jobbe på nye måter, og å få en ny organisering og levering av tjenester. 

Du kan lese meir om prisutdelinga og grunngivinga her