Helseministeren besøker Luranetunet onsdag 25. januar

Portrettfoto av helseminster Ingvild Kjerkol - Klikk for stort bileteHelseminister Ingvild Kjerkol (Ap). Stortinget

Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) besøker Bjørnafjorden kommune og Luranetunet bu- og behandlingssenter onsdag neste veke.
 

Det er duka for offisiell opning av det nye, flotte kjøkkenet på Luranetunet og informasjon om korleis den nye kjøkkenløysinga i Bjørnafjorden kommune sikrar både betre mat for bebuarane og betre bruk av dei tilsette sin kompetanse.
I tillegg vil statsråden få høyre om Bjørnafjordenmodellen - Bjørnafjorden kommune si ordning for å rekruttere fastlegar midt i den nasjonale fastlegekrisa.

Betre matomsorg - og betre tid til pleie

- Eg begynte å jobbe for kjøkkenløysinga som opposisjonspolitikar i 2015. Det er ei stor glede at vi i posisjon i Bjørnafjorden endeleg har fått dette til - både for dei eldre og for dei tilsette, seier ordførar Trine Lindborg (Ap) som er vertskap for besøket.
- No kan vi bruke kompetansen og ressursane rett. Vi får betre matomsorg samstundes som vi frigir meir tid til pleie. Dette er ein jubeldag for Bjørnafjorden, og ekstra stas at helseministeren kjem til oss for å sjå på våre løysingar, seier Lindborg.

Mykje god helse i god mat

Produksjonskjøkkenet ved Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS) lagar middagar for både eigne bebuarar, bebuarane på Luranetunet, brukarane av dagsentera og heimebuande som får middag levert på døra.
I tillegg har både Luranetunet og FBBS tillagingskjøkken. Her lagar matfagleg tilsette til maten for servering. Dei lagar òg dei delane av måltidet som ikkje er eigna til oppvarming, som til dømes kokt fisk og grønnsaker.

Korleis var det før?

Gode opplevingar ved måltidet

Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) besøker Luranetunet bu- og behandlingssenter onsdag 25. januar 2023 klokka 13.

Ordførar i Bjørnafjorden kommune, Trine Lindborg (Ap) er vertskap, saman med tilsette ved Luranetunet og i øvrige helse- og velferdstenester i kommunen.

Statsråden opnar det nye kjøkkenet på Luranetunet, og får samstundes informasjon om arbeidet med og målsettinga for den nye kjøkkenløysinga i pleie- og omsorgssektoren.
Eit måltid med bebuarar skal det òg bli tid til, før ho får høyre om Bjørnafjordenmodellen og arbeidet med å rekruttere og utvikle fastlegar i kommunen.

- Denne kjøkkenløysinga er nøkkelen til auka kvalitet på maten, seier serviceleiar på Luranetunet, Øystein Grytøyr, som òg har fagbrev som kokk.
God matomsorg er viktig for trivsel og for å førebygge og behandle feil- og underernæring. Nasjonalt reknar ein med at om lag 1/4 av heimebuande tenestemottakarar og 1/3 av sjukeheimsbebuarar er i ernæringsmessig risiko eller underernærte. Målet med den nye kjøkkenløysinga er å gi gode opplevingar ved måltidet, større matglede og valfridom for alle brukargruppene våre, seier Grytøyr.

Rett bruk av helsepersonell

Den nye kjøkkenløysinga sikrar òg at helsepersonell kan fokusere på helsefaglege oppgåver når dei er på jobb og ikkje på mattillaging.  Kvaliteten på middagane er høgare, og det går mykje raskare å justere leveringane av spesialtilpassa mat etter kva bebuarane til ei kvar tid treng. I tillegg er det etablert nokre fleire arbeidsplassar lokalt ved kommunedelsenteret i Eikelandsosen.

Bjørnafjordenmodellen: Fint å vere fastlege

Folk treng fastlegen. Fastlegen treng tryggheit og gode arbeidsvilkår for å kunne gjere jobben sin. Derfor har Bjørnafjorden kommune laga ei ordning som sikrar at dei som etablerer seg som fastlege i kommunen vår kan konsentrere seg om pasientane sine og å utvikle seg som lege.
Dette er Bjørnafjordenmodellen for fastlegar: