Anette er nytilsett som fastlege ved legekontoret i Os sentrum, etter nyleg avslutta turnusteneste ved Stavanger universitetssjukehus. No har ho og familien busett seg på Sandsli, med kort veg til jobb i Bjørnafjorden.
Spennande å vere fastlege
- Ordningane vi får gjennom Bjørnafjordenmodellen, gjer det langt meir attraktivt å jobbe som fastlege. Ein del ferske legar trur gjerne at det er meir interessant og utviklande å jobbe ved eit sjukehus. Men variasjonen i fastlegeyrket er stor, og ein får verkeleg brynt seg, seier ho.
Kortare pasientlister
- Samstundes er det ei kjennsgjerning at det i lang tid har vore altfor arbeidskrevjande å drive allmennpraksis. Her har vi moglegheit til å ha kortare pasientlister, som gir meg meir kapasitet til kvar pasient. I tillegg gir det tryggheit å vite at kommunen kjøper tilbake heimelen om ein skulle ønskje å avvikle i løpet av dei tre første åra, seier Anette. - Det tar vekk mykje av presset ved å etablere seg som ny lege.
14. november starta ho opp med tom pasientliste (såkalla nullheimel), med eit tak på 700 pasientar. På tre veker har ho fått 450 pasientar, og lista fyller seg fort.
Les også: Slik bytter du fastlege.
Arbeidsliv + familieliv = sant
- Når det blir lagt til rette for at ein kan drive forsvarleg og godt som lege, og samstundes kunne ha eit fungerande familieliv, har det sjølvsagt svært mykje å seie, seier legen, som sjølv har små barn.
Vanlegvis får ikkje næringsdrivande fastlegar nokon kompensasjon ved sjukefråvær. Bjørnafjorden kommune gir fastlegar 60 % kompensasjon når dei må vere heime med barn under 12 år, inntil 10 dagar i året. For allmennlegar i spesialisering (ALIS) gjeld dette òg ved eigen sjukdom.
- Ekstra kommunalt basistilskot
Kommunen betaler ekstra basistilskot kr 325,- per pasient (opp til 1000 pasientar), som kjem i tillegg til det statlege basistilskotet på kr 675,- - Moglegheit for reduserte pasientlister
800-900 pasientar, om du ønskjer det. - Gjenkjøpsgaranti av fastlegeheimel
Om du vil avvikle i løpet av dei tre første åra, kjøper kommunen tilbake heimelen. - Dekking av praksisutgifter ved behov for vikar
- Oppstartsgaranti for null-heimlar
Kommunen dekker basistilskot opp til 600 pasientar i inntil 12 månader + gjenkjøp av utstyr (inkludert fellesutstyr) ved kontoret dersom du avviklar i løpet av dei tre første åra. - 60 % kompensasjon ved sjukefråvær for barn under 12 år
i inntil 10 dagar per år. For ALIS-legar også ved eigen sjukdom. - Fastlønn for legevakt
- Insentivlønn for legevakt for kommunale fastlegar
Gode vilkår for ALIS/LIS1
ALIS = allmennlege i spesialisering. LIS1 =lege i spesialisering del 1
- Rettleiing og individuell utdanningsplan tilsvarande krava i spesialistforskrifta.
- ALIS-ordninga dekker praksiskompensasjon ved fråvær frå fastlegepraksis i samband med læringsaktivitetar og rettleiing, inkludert førebuing
- 60 % kompensasjon ved sjukefråvær for deg/barn under 12 år i inntil 10 dagar per år (fram til sjukeavbrotsforsikring gjeld).
- Kommunen dekker utgiftene til læringsaktivitetar som ikkje blir dekte av Legeforeningen.
- Eigen kommunal ALIS-/LIS1-koordinator.
- Vårt forslag til å løyse fastlegekrisa
Stort arbeidspress og tyngande ansvar for svært lange pasientlister, kombinert med høg økonomisk risiko ved etablering av ny legepraksis og manglande velferdsordningar, er nokre av årsakane til at mange ikkje ønskjer å jobbe som fastlege - og dermed at kommunane har problem med å rekruttere fastlegar.
Dette er bakgrunnen for utviklinga av Bjørnafjordenmodellen for fastlegar.
- Bjørnafjordenmodellen er vårt forslag til å løyse den nasjonale fastlegekrisa. Vi har høyrt på kva fastlegane sjølve oppgir som hovudutfordringane, og sett på kva vi som kommune kan tilby for å løyse utfordringane. Resultatet er Bjørnafjordenmodellen, seier fungerande einingsleiar for legetenester i Bjørnafjorden kommune, Mike Görtz.
Fastlegeordninga blei innført i 2001, og gav alle som er busett i ein norsk kommune rett til å ha ein fastlege.
Kommunane har det overordna ansvaret for å tilby nødvendige helse- og omsorgstjenester til alle som oppheld seg i kommunen. Fastlegeordninga inngår i dette ansvaret.
Kvar enkelt kommune må inngå avtalar med fastlegar, anten som fastlønte, kommunale legar eller som næringsdrivande legar, for å sikre innbyggarane sine forsvarleg helsehjelp.
Mangelen på fastlegar er for tida stor i heile landet. Samstundes har kommunen ansvar for å sikre fastlegar til innbyggarane sine.
Kjelde: regjeringen.no