Heimesjukepleie er eit tilbod til deg som har behov for helsetenester og ikkje er i stand til å oppsøkje helsetenesta/fastlegen sjølv på grunn av sjukdom eller funksjonsnivå.
Tilsette i heimesjukepleia kan hjelpe deg med å ta medisinar, lage til måltida og hjelpe med personleg hygiene. Heimesjukepleia vil legge til rette for at du skal klare mest mogleg sjølv, slik at du kan halde fram med å bu heime. Heimesjukepleie er gratis.
Heimehjelp er eit tilbod til deg som på grunn av sjukdom eller funksjonsnedsetting er ute av stand til å utføre nødvendige oppgåver i heimen din. Heimehjelpa kan hjelpe deg med tyngre husarbeid, som støvsuging og golvvask, klesvask, vask av bad og skifte av sengetøy.
Målet for begge tenestene er å legge til rette for at du skal klare mest mogleg sjølv, slik at du kan halde fram med å bu heime. Heimehjelp er ei teneste brukarane betaler for.