– Eg trur ikkje vi vaksne greier å forstå det massive kroppspresset barn og unge blir utsette for. Promotering av doping mot ungdom er overraskande vanleg i sosiale medium, seier Elin Tuft, SLT-koordinator i Bjørnafjorden kommune.
Illustrasjonsfoto Victor Freitas/Unsplash
Trening og fysisk aktivitet gjer godt for kropp og sinn. Samstundes finst det treningsmiljø der utsjånaden er ei sterkare drivkraft enn å vere sunn og føle seg bra. Jakta på eit uoppnåeleg kroppsideal kan gjere stor skade.
For nokre unge fører det til usunne treningsregime, inntak av store mengder kosttilskot og bruk av ulovlege og helseskadelege dopingmiddel på jakta etter raske resultat.
Bjørnafjorden kommune og Antidoping Norge inviterer til webinar for føresette - #snakkomdoping!
-
Få innsikt i korleis barn møter tema som trening, kroppsbilete, kosttilskot og doping, og kva vi saman kan gjere for å skape sunne og helsefremjande treningsmiljø i Bjørnafjorden.
Lær om stoff, trender og få verktøy til å kunne ta den viktige samtalen med barnet ditt.
Sjå teaser til webinaret
Vel mellom to datoar:

- 3. september 2025 kl. 18.00–18.30
- 3. desember 2025 kl. 18.00–18.30
Meld deg på
Kvifor er det farleg å dope seg? Les om doping og skadeverknader på nhi.no
Elin Tuft er SLT-koordinator i Bjørnafjorden kommune.Massivt kroppspress
– Eg trur ikkje vi vaksne greier å forstå det massive kroppspresset barn og unge blir utsette for. Promotering av doping mot ungdom er overraskande vanleg i sosiale medium. Der er målet for trening å sjå best mogleg ut, ikkje å ha ein sunn kropp eller oppnå betre resultat i ein idrett. Det er lett å forstå at grensene etter kvart blir uklare. Derfor er det veldig viktig med målretta haldningsarbeid og informasjon, seier Elin Tuft, SLT-koordinator i Bjørnafjorden kommune.
Kommunen samarbeider med Antidoping Norge
Bjørnafjorden kommune samarbeider med Antidoping Norge. Formålet er å samordne gode krefter på tvers i kommunen og gjennomføre effektive tiltak for å førebygge doping og bidra til sunne treningsmiljø. Les meir om “Ren trening i kommunen” på Antidoping Norge sine nettsider
Som ein del av dette samarbeidet, held Antidoping Norge foredrag og webinar for ungdom, foreldre, helsesjukepleiarar og idrettslag i kommunen. Meld deg på eit halvtimes webinar 3. september eller 3. desember, og få meir kunnskap om doping og kva vi kan gjere for å motverke trenden.
Større, sterkare, slankare
Er du bekymra for dopingbruk hos nokon du kjenner?
Berre 2,2 prosent av 13-19-åringar i Noreg har prøvd eller brukar dopingmidlar. Samstundes synest nesten kvar femte ungdom at det er greitt å bruke doping for å få større musklar eller bli slankare (kjelde: Attitudes and doping prevalence among Norwegian youth across exercise activities - ScienceDirect)
– Ungdom er klar over skadeverknadene av dopingbruk. Likevel tenker mange dessverre at det er verd det for å sjå bra ut her og no. Farene ved langtidsbruk verkar veldig fjerne når ein er ung, seier Tuft.
Les meir: Doping og skadevirkninger - NHI.no
Samarbeid med treningssenter
Mest positive til doping er ungdom som trener på treningssenter (kjelde: Attitudes and doping prevalence among Norwegian youth across exercise activities, avsnitt 3.4) Samarbeid med treningssenter i kommunen er derfor ein viktig del av antidoping-arbeidet i Bjørnafjorden. Viss du ser skilt med “Reint senter” og Antidoping Norge sin logo på treningssenteret, betyr det at senteret har forplikta seg til å jobbe aktivt mot doping.
– Vi har eit godt samarbeid med fleire treningssenter i kommunen. Samstundes vil eg oppfordre endå fleire til å delta på webinar om doping i haust. Jo meir vi veit, jo lettare er det å vite kva vi skal sjå etter og gjere ved mistanke om dopingbruk, seier Tuft.