Kom gjerne innom og lån mange bøker før biblioteket flyttar!

Bjørnafjorden bibliotek si avdeling i Eikelandsosen har siste opningsdag i Kommunetunet laurdag 18. oktober. Tysdag 4. november er du velkommen i dei nye lokala våre i Fjord'n senter.  

Lesekosedyra skal heldigvis vere med på flyttelasset.

Bjørnafjorden bibliotek si avdeling i Eikelandsosen har sine fire siste opningsdagar i Kommunetunet tysdag 14., onsdag 15., torsdag 16. og laurdag 18. oktober. 

Opnar i nye lokale 4. november 

Dei to vekene frå 20.10 til 3.11 held vi stengt og flyttar. Tysdag 4. november opnar vi i nye lokale i Fjord’n senter, der butikken Maran heldt til før.  

Lån med deg mange bøker! 

Nest siste dag i Kommunetunet, torsdag 16.10., er biblioteket ope klokka 10-19, og siste dag, laurdag 18.10., er opningstida 10-14. 
Bøker du låner no og fram til stenginga får innleveringsfrist tidlegast 20. november. Lån gjerne litt ekstra før vi stenger! 

Hovudutlånet på Os har vanlege opningstider medan vi flyttar i Eikelandsosen. Du når oss òg på bibliotek@bjornafjorden.kommune.no og telefon 56 57 52 70.

God leselyst!