Sindre anbefaler jobb i helsesektoren

Sindre Øen Gjeitrem flankert av Marit Tandbergn og Kjetil Kvidahl, som alle oppmodar menn til å bli helsefagarbeidarar. Elisabeth Farstad

Sindre Øen Gjeitrem har tatt fagbrev gjennom prosjektet Menn i helse og anbefaler andre menn å gjere det same.

Gjeitrem har jobba i Nordsjøen, men måtte slutte. Etter at han kontakta Menn i helse-prosjektet, har han ikkje sett tilbake.

- Eg er kjempehappy. Det er veldig kjekt å jobbe med menneske, seier Gjeitrem. Han starta hausten 2020 og hadde eit løp på to og et halvt år, før han fekk sommarjobb og etter det fast jobb som helsefagarbeidar i kommunen, seier han.

Å jobbe i helsesektoren anbefaler han alle menn frå 25 til 54. Alle som deltar, må vere 25 år eller meir.

- Heile prosjektet er veldig bra frå start til slutt. Eg kvidde til litt til å gå tilbake til skulebenken, men det var det ikkje grunnlag for. Lærarane gjorde sitt beste for at alle skulle forstå; det gjorde ein veldig god jobb. Dei fortener verkeleg skryt, held Gjeitrem fram.

Informasjonsmøte 24. januar

Løpet for å få fagbrev som helsefagarbeidar i dette prosjektet startar med eit informasjonsmøte, og du må melde deg på dette via NAV.

Informasjonsmøtet er 24. januar 2023 på Amalie Skram vidaregåande skule i Bergen; rett ved sidan av ADO arena med Store Lungegårdsvatn.

- Denne opplæringa er veldig bra. Kandidatane tar VG1 og 2 på eitt år, og det er praksis undervegs. Det er veldig god bru mellom teori og praksis. Så er det lærlingplass, og til slutt fagprøve, fortel Gjeitrem.

Fire tar fagbrev i haust

Det er fire lærlingar i Bjørnafjorden no som skal ta fagbrevet til hausten.

Marit Tandberg er fagsjukepleiar i Pleie og omsorg og er fagleg leiar for helsefaglærlingane. Ho er på jakt etter kandidatar og håpar mange melder seg til informasjonsmøtet 24. januar.

- Vi er svært stolte av å ha Sindre Gjeitrem som førstemann som har tatt fagbrev via dette prosjektet. Vi håpar fleire vil gjere som han, seier Tandberg.

Ho har vore med i prosjektet sidan starten i Bjørnafjorden kommune. Det heile starta i Trondheim i 2014, og prosjektet kom til vestland i 2019, fortel fylkeskoordinator Kjetil Kvidahl.

Bra for miljøet

Kvidahl og Tandberg understrekar at det er veldig positivt for arbeidsmiljøet med fleire menn i pleie- og omsorgssektoren. Begge oppmodar potensielle kandidatar til å melde seg.

- Alder er ingen hindring. Det er fint med vaksne menn som kan vere rollemodellar for yngre menn. Vi håpar å avlive nokre mytar om yrket, som etter kvart har blitt ein spesialisert og krevjande jobb, seier Kvidahl.

Med den inneber å jobbe turnus.

Interessert?

Kontakt din lokale NAV-rettleiar.