Skibuss for ungdom til Eikedalen

No kan barn og unge mellom 12 og 19 år (elevar på ungdomsskule/vidaregåande) i Bjørnafjorden kommune få transport til Eikedalen skisenter to/tre gongar i vinter. Skibussbillett kostar kr 50,- og det er plass til 48 ungdommar i kvar buss. Førstemann til mølla!

Maarten Duineveld/Unsplash

Datoar for skibuss til Eikedalen:

  • Tysdag 25. februar 2025  (vinterferie) Skibuss frå både Osøyro bussterminal og busstoppet ved Spar Fusa, i to separate bussar. 
  • Torsdag 6. mars 2025 (kveldskøyring) Skibuss berre frå Fusa. 
  • Torsdag 20. mars 2025(kveldskøyring) Skibuss berre frå Osøyro. 

Viktig informasjon

Sjå reiseplan for skibussen med haldeplassar og tidspunkt. (PDF, 248 kB)

Informasjonsskriv til føresette (PDF, 390 kB) NB! Føresette/deltakarar over 18 år lese informasjonsskrivet før påmelding til skibussen.

  • Føresette er ansvarlege for å melde på barn under 18 år. 
  • Bussbilletten kostar kr 50,- tur-retur.  Betaling til Vipps nr: 952743, «Lokaltransport for ungdom- Bjørnafjorden kommune». 
    • Det er ingen refusjon av bussbilletten.
    • Det er plass til 48 ungdommar i kvar buss.
  • Heiskort i Eikedalen kostar kr 200,- Prisen er den same for ettermiddagskøyring og kveldskøyring. 
    • Påmeldte til skibussen frå Bjørnafjorden får ein promokode ved påmelding. Bruk promokoden for spesialpris ved kjøp av heiskort på Eikedalen skisenter si nettside. Promokoden kan berre nyttast ved kjøp på nett.
    • Du må ha keycard for å bruke heiskortet i Eikedalen. Dersom du ikkje har keycard frå før, kan du kjøpe dette på skisenteret.
  • Skibussen er eit reint transporttilbod. Heiskort og eventuell leige av utstyr kjem i tillegg. 
  • Hugs! På utlånssentralen BUA kan du låne skiutstyr heilt gratis! Vi har både BUA Eikelandsosen og BUA Os.

Ved uføresette hendingar (til dømes mangel på snø) vil påmeldte få beskjed på SMS. Om skibakken er stengt, vil Eikedalen skisenter refundere betalinga for heiskortet.  

Meld deg på

Lokale transporttilbod for ungdom (LTU) er ei tilskotsordning i regi av Vestland fylkeskommune. 
I 2024 sette fylkeskommunen av to millionar kroner til ordninga, der målet er å betre reisetilbodet for ungdom til og frå fritidsaktivitetar på ettermiddag- og kveldstid.

Bjørnafjorden kommune søkte om midlar frå ordninga, og fekk 50.000 kroner til gjennomføringa av skibusstilbodet.