I Griegsamlingen finst portrett og menneskestudier i ulike teknikkar og format. Mykje spennande å sjå nærare på.
Oseana kunst- og kultursenter
Menneskekroppen er motiv i mange av verka i Griegsamlingen. Vi skal sjå nærare på to av desse arbeida og diskutere dei, før vi teiknar figur, modell og portrett. Vi prøver oss på krokiteikning, og jobbar vidare med portrett av øvre del av kropp, hovud og skuldrer. Høyrest det interessant ut? Bli med!
Stad og tid
Griegsamlingen torsdag 5. desember klokka 16-19. (Møt ved hovudinngangen til Oseana klokka 16.)
Gratis og ope for alle mellom 13 og 20 år
Inga S. Søreide leiar kunsttreffet og gir råd og tips. Ho er utdanna biletkunstnar og pedagog, og har erfaring som utøvande kunstnar. Inga underviser i Bjørnafjorden kulturskule, og held skapande kurs i Bergen kommune.
Ta med skissesaker om du har. Arrangementet er gratis.
Spørsmål? Ta kontakt med Kristin Vangsnes Bøe i Kultureininga i Bjørnafjorden kommune på e-post eller telefon 92698201.
Velkommen!
Beste helsing UKM Bjørnafjorden