Vel møtt til seminar om kunst i offentleg rom! Fredag 19. september 2025 inviterer Bjørnafjorden kommune alle interesserte til seminaret “Kunst og folk i Bjørnafjorden - ein samtale om kunst i offentleg rom”. Suvi Nieminen sin skulptur Undine kom på plass i rundkøyringa på Osøyro i 1995, etter mykje debatt. Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden Kva rolle har kunsten i kvardagen vår, og kva kan kunsten vere for innbyggarane i tider som kjem? Korleis kan vi jobbe for demokrati og mangfald av uttrykk? Kva rører seg på kunstfeltet i regionen vår - og heilt lokalt?Bjørnafjorden kommune er godt i gang med å utarbeide ein sektorplan for kultur. Kommunen har søkt og fått midlar til kompetanseheving på kulturfeltet, og vi har derfor gleda av å invitere alle interesserte til seminar om kunst i offentleg rom. Velkommen til Vargasalen i Oseana fredag 19. september! Fredag 19. september klokka 9-14 Oseana kunst- & kultursenter, Vargasalen ProgramDet blir kaffi og mingling frå klokka 9, seminaret startar 9.30. Velkomen ved Erik Vangnes, kultursjef Bjørnafjorden kommuneOm kunst og samfunn ved Petra Rahm, biletkunstnar og fagansvarleg for kunst i offentleg rom ved Hordaland kunstsenter. Rahm snakkar om kunsten og kunstnarane sine roller og muligheiter i (lokal)samfunnet.Kunst som ressurs ved Randi Nygård, biletkunstnarVeien til Suling ved Gry Buer, kunstnar og kulturskulerektor Solund kommuneOs internasjonale skulptursymposium ved Arne Mæland, biletkunstnarRegionale kunstnarar ein ressurs ved Astrid Drageset, biletkunstar Kjære Nabo ved Daniela Ramos Arias og Petra Rahm, kuratorar for Hordaland Kunstsenter sitt program med prosjekt i nabolag på Nordnes der innbyggarar og frivillige lag deltarStemmer i stein - kunsten til Bergen inkluderingsenter ved konsulent Espen Johansen, stipendiat Kunst i offentleg rom Panelsamtale: Kva er viktig når kommunen skal jobbe fram retninsgliner for kunst i offentleg rom?Her kan du lese meir om innleiarane Seminaret er gratis og ope for alle. Det blir servert ein enkel lunsj, derfor treng vi påmelding i forkant. Ingen grunn til å vente. Meld deg på i dag! Vel møtt. Påmelding Arrangert i samarbeid med Hordaland kunstenter, og med støtte frå KORO Sist endra 10.09.2025 13:33