Velkommen til ope møte om frivilligstrategi

Bjørnafjorden kommune arbeider med å lage ein frivilligstrategi og lokal frivilligpolitikk. 
Tysdag 12. mars inviterer vi til dialogmøte med det lokale lagslivet, der de kan kome med innspel til utkastet til frivilligstrategi. 

Samlinga er i kommunestyresalen i Bjørnafjorden rådhus, tysdag 12. mars kl. 18-19.30

Sjå utkast til frivilligstrategi for Bjørnafjorden kommune (PDF, 464 kB)

Bakgrunn for strategien

Det overordna målet er at det skal vere enkelt å vere frivillig i kommunen vår. Strategien skal syne oss kva mål vi skal ha for dette arbeidet og  korleis vi skal nå måla. I stor grad bygger strategien på innspel som kom frå lagslivet i frivilligkartlegginga som vart gjennomført våren 2023.

Dei konkrete tiltaka kjem først i handlingsplanar i kommunen sine sektorplanar og økonomiplanar. Heilt til slutt i dokumentet er døme på korleis strategien kan følgast opp i handlingsplanar på ulike fagområde.
Eit endeleg forslag til strategi skal til politisk behandling i løpet av våren i råd og utval, og skal til slutt vedtakast i kommunestyret.

Vi håpar din organisasjon ønskjer å hjelpe oss med å finpusse på strategien, slik at vi får eit godt gjennomarbeidd og best mogleg forslag å legge fram for politikarane våre. 

Vel møtt!

Kontakt

Erik Vangsnes
Leder
Mobil: 47277146