Makspris for barnehage
Makspris for barnehage i Bjørnafjorden kommune er sett til kr 1200 per månad frå 1. august 2025.
Makspris er ei nasjonal ordning som skal sikre at husstanden ikkje skal betale meir enn 6 prosent av inntekta si til barnehagen. Dette gjeld både kommunale og private barnehagar. Kommunen har ansvaret, og skal refundere inntektstapet til dei private barnehagane der foreldre har fått vedtak om redusert foreldrebetaling.