UtekontaktenUtekontakten er ei førebyggande lågterskelteneste for ungdom 13-25 år, som har eller står i fare for å utvikle problematikk knytt til åtferd, rus, utanforskap eller anna.Kva gjer Utekontakten?Utekontakten oppsøkjer ungdom der dei oppheld seg: på skulen, Ung Arena eller ute på gata.Feltarbeidarane tar kontakt for å snakke om tema som ungdommane sjølve opplever som viktige, til dømes trivsel på skulen, fritidsinteresser, familie, følelsar, mobbing, rusmiddel og seksualitet. Ingen samtaletema er for vanskelege eller lite viktige.Feltarbeidarane i Utekontakten har teieplikt, men vil i enkelte tilfelle – som til dømes om nokon er i alvorleg fare – melde ifrå til nokon som kan hjelpe.Kontakten mellom Utekontakten og ungdom er frivillig. Ungdommane sjølve bestemmer om dei ønskjer å ha kontakt med oss eller ikkje.Kva er føremålet med tilbodet?Utekontakten har som hovudmålsetting å identifisere og førebygge problemutvikling og sårbarheit hos ungdom, gjennom oppsøkande arbeid. Utekontakten har òg ansvar for å halde oversikt over ungdomsmiljøa lokalt, identifisere endringar og nye nasjonale og lokale trender så raskt som mogleg.For å oppnå dette er vi avhengige av tilbakemeldingar frå ungdommar og vaksne. Vi vil gjerne høyre frå deg! Slik tar du kontakt med oss Vakttelefon: 404 04 616Leiar: Matias Meder Clemensen, tlf. 489 94 894Feltarbeidarar i Utekontakten:Jeanette: 488 96 417Stephan: 969 48 199Thea: 969 48 212Heidi: 969 48 196Tim: 969 48 192Send ein e-post til utekontakten@bjornafjorden.kommune.noDu kan også følge Utekontakten på Snapchat: UKBJORNAFJORDEN Sist endra 07.04.2025 13:39