Bli støttekontakt / fritidskontakt gjennom barnevernet
Ein støttekontakt engasjert av barnevernet hjelper barn og unge som har behov for sosialt samvær eller støtte til å ta del fritidsaktivitetar utanfor heimen. Støttekontakten får godtgjering av kommunen.
Ein støttekontakt kan gå på besøk til brukaren, bli med på tur, kino, kafé, trening eller andre sosiale aktivitetar. Brukaren sine interesser og ønskje avgjer. Det skal vere givande både å ha og å vere støttekontakt.
Støttekontakten er oppdragstakarar, og ikkje fast tilsett i Bjørnafjorden kommune.
Kven kan vere støttekontakt/fritidskontakt?
Vi krev ingen fagbakgrunn.
Du må:
- Vere påliteleg og stabil
- Ha gode samarbeidsevner
- Ha respekt for andre menneske
- Ha overskot til å gi av deg sjølv
- Ha evne til å etablere kontakt
- Vere trygg på deg sjølv
- Kunne setje grenser
Det skal vere givande og hyggeleg å vere støttekontakt/fritidskontakt. Samstundes er det viktig at tilbodet til tenestemottakaren blir både tenleg og forsvarleg. Alder, kjønn, personlegdom og interesser speler ei avgjerande rolle når vi skal kople støttekontakt/fritidskontakt og tenestemottakar.
Slik søkjer du om å bli støttekontakt/fritidskontakt gjennom barnevernet
Dersom barnevernet ikkje har eigna oppdrag ledig, kan godkjende støttekontaktar/fritidskontaktar stå på venteliste til vi finn rett oppdrag.
Sist endra 26.06.2023 01:28