Kva er konsultasjonsteamet?
Konsultasjonsteamet er ei tverrfagleg gruppe, sett saman av kommunepsykolog, kommuneoverlege, helsesjukepleiar, SLT-koordinator, representant for Meistringsteamet og koordinator frå barneverntenesta. Teamet har fast møte ein gong i månaden, og elles ved behov.
Konsultasjonsteamet gir også råd og rettleiing der barn blir utsette for overgrep frå andre barn.
Teamet skal ikkje gripe inn i eller overta ansvaret i saker, men gi råd om kva for instansar som kan hjelpe deg vidare. Teamet kan òg gi råd om korleis du kan samtale med det aktuelle barnet og familien. Alle saker blir drøfta anonymt.
Kven kan ta kontakt med konsultasjonsteamet?
Alle som er bekymra for at barn og unge kan vere utsette for seksuelle overgrep eller vald, anten det er gjennom jobben din eller som privatperson.
Slik går du fram
Ta kontakt med konsultasjonsteamet på e-post eller telefon.