Familien og vi som jobbar i Trygg start-teamet startar kontakta medan mor er gravid. Trygg start-teamet består av jordmor og helsesjukepleiar. Du som er gravid vil få tett oppfølging av jordmor i svangerskapet og ved behov i barseltida. Helsejukepleiar følger opp med jamlege heimebesøk frå barnet er fødd.
Alle familiar er ulike og har ulike behov. Vi tilpassar oppfølginga til kvar familie og har fokus på å gi foreldre tryggleik til å meistre foreldrerolla. Tilbodet kan gjelde fram til barnet fyller to år og kan avsluttast før, om familien ønskjer det.