Ergoterapi for barn og unge

Barn og unge som har vanskar med å utføre daglege gjeremål kan få undersøking og vurdering av barneergoterapeut i kommunen. Vi treffer barnet i lokala våre på Luranetunet, på Fusa-bu og behandlingssenter, på skulen, i barnehagen eller på heimebesøk.

Kven kan få tilbodet?

Barn og unge under 18 år som har ulike utfordringar med å utføre aktivitetar, kan få hjelp. Årsak til aktivitetsvanskar kan vere sjukdom, skade eller lyte som er medfødt eller erverva.

Døme på årsakar til behov kan vera:

  • Kognitive vanskar 
  • Bevegelsesvanskar 
  • Sansetap 
  • Psykiske eller psykososiale vanskar
  • Samansatte vanskar
  • Akutt sjukdom

Ergoterapi tar utgangspunkt i den det gjeld sine ønske og behov. Ergoterapeuten kan bidra i rådgiving og tilrettelegging for deltaking, aktivitet og leik. Målet er at barnet eller ungdommen skal kunne delta i kvardagslivet på eigne premiss.

Mange av barna vi møter har samansette vanskar med behov for tverrfagleg oppfølging. Ergoterapeutane samarbeider ofte med faggrupper/avdelingar som for eksempel fysioterapeutar, PPT, spesialpedagogar, personalet på skulen / i barnehagen og med spesialisthelsetenesta.

Kva kan du få hjelp til?

  • Kartlegging av funksjon og ressursar.
  • Trening/rettleiing/ tilrettelegging av aktivitetar i dagleglivet (ADL).
  • Rådgiving og tilrettelegging av omgivnader, som bustad, barnehage og skule.
  • Vurdering og rettleiing av finmotorikk.
  • Rådgiving/rettleiing til samarbeidspartnarar og pårørande.
  • Formidling av tekniske hjelpemiddel for meistring av daglege aktivitetar.

Slik søker du

Ergoterapi er eit lågterskeltilbod. Dette inneber at du ikkje treng tilvising frå lege, men kan søke sjølv.

Barn og unge ved føresette kan sjølv søke om tenesta. For at vi skal vite kva barnet treng hjelp til, må de fylle ut søknadsskjema. Foreldre kan også kontakte helsestasjonen, fastlegen, barnehagen/skulen eller andre instansar i kommunen for å få hjelp til å fylle ut og sende søknad for barnet.

Digitalt søknadsskjema

papir søknadsskjema 

Fyll ut og skriv ut skjemaet og send til ein av desse adressane, avhengig av kvar i kommunen du bur:

Bjørnafjorden kommune
Ergo-/fysioterapitenesta for barn
Solstrandvegen 39
5200 OS

Bjørnafjorden kommune
Ergo-/fysioterapitenesta for barn
Leitet 28
5640 EIKELANDSOSEN

Pris

Ergoterapi er gratis.

Kva skjer vidare?

Du får enten ein telefon for å avtale time, eller ei innkalling i posten om når ergoterapeuten har ledig tid til deg. 

Artikkelliste