§10 Dette skjer om ein ikkje følgjer skulereglane
Om eleven bryt skulereglane skal eitt eller fleire av følgjande tiltak setjast i verk:
a) påminningar om regelverket
b) samtale med lærer og dialog med heimen
c) møte mellom kontaktlærar, elev og føresette
d) oppfølging av leiinga ved skulen
e) inndraging av gjenstand, gjeld også mellombels inndraging av mobil
f) bortvising etter § 13-1 i opplæringslova
g) heimsending ved alvorlege brot på reglement på leirskule/skuletur
h) nedsett karakter i orden og åtferd
i) pålegg om å rette opp ev. skadane som er utført
- krav om økonomisk erstatning, jf. lova om skade-erstatning
j) Ved alvorlege mobbesaker kan mobbaren verta flytta til annan skule
Ved alvorlege eller gjentekne regelbrot, jf. § 9 og 10, der det er aktuelt med sanksjonar som nemnd i § 10 skal det fattast vedtak etter forvaltningslova § 2. Eleven har rett til å bli høyrd, føresette skal kontaktast og har rett til å uttale seg før vedtak fattast.