Elevpermisjon inntil to veker
Dersom det er fagleg forsvarleg, kan rektor gje eleven permisjon frå den pliktige undervisninga inntil to veker (10 skuledagar).
Ein føresetnad for å gje permisjon, er at foreldra syter for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgja den vanlege undervisninga etter at permisjonen er over.
Søknadsfrist er normalt 6 veker før første planlagte fridag, om ikkje anna er avtalt med skulen.
Elevpermisjon utover to veker
Skulane har ikkje lov til å gje permisjon for meir enn to veker. Dersom rektor gjer vedtak om fritak i meir enn to veker, blir eleven difor meld ut av grunnskulen i det aktuelle tidsrommet. Etter opplæringslova er foreldra no ansvarlege for undervisninga. Retten til opplæring opphøyrer i utmeldingsperioden, og kommunen sitt ansvar for opplæringa opphøyrer tilsvarande.
Søknadsfrist er normalt 8 veker før første planlagde fridag, om ikkje anna er avtalt med skulen.
Slik søkjer du
Fyll ut og send inn søknad om elevpermisjon.
Søknaden skal innehalda:
- Namn, fødselsdato og klasse/gruppe på eleven
- Permisjonsperiode: Frå og med dato/til og med dato
- Kort grunngjeving av kvifor eleven har behov for permisjon
Ved fråvær i meir enn fire veker, er skulane pålagde å melda frå til NAV dersom dei har grunn til å tru at eleven oppheld seg i utlandet.