Ferieopen SFO

SFO i skuleferiar

Skulefritidsordninga følgjer skuleruta. Sjå skulerute for Bjørnafjorden-skulane

I feriar er det open SFO ved èin skule på Fusa-sida av fjorden og èin skule på Os-sida, slik at elevar ved dei andre skulane kan nytte dette tilbodet. Det er eiga påmelding til ferieopen SFO.

Ferieopen SFO i haustferien 2025

  • Lunde barneskule og Eikelandsosen barneskule. Frist for påmelding er 5. september 2025.
     Meld på

Betaling for ferie-SFO kjem i tillegg til betaling for vanleg SFO. Elevar på 1.-3. trinn har rett på reduksjon i pris, tilsvarande 12 timar. 

Prisar for ferieopen SFO
Ferieopen SFO
Ferieopen SFO** 2025-26 Haust/vår
1.-3. trinn, pris per veke kr 887
4. trinn, pris per veke kr 1210
**To skular har tilbod om SFO i skuleferiar (haustferie, vinterferie, ei veke i juni og to veker i august).

Har du spørsmål om ferie-SFO? 

Ta kontakt med SFO-leiar på skulen din.