Bruk ordboka på nett!
Gå til nynorskordboka på nett
Skriv inn ordet og klikk på "vis bøying" for å sjå korleis du skriv ordet i ulike former.
Dette er fasiten for kva og korleis du kan skrive på norsk.
Flinke skribentar brukar ordboka aktivt!
Ord vi brukar ofte
- Bruk ordboka, ikkje gjett!
- Les tekster på nynorsk! Bøker, aviser, artiklar, nettstader.
- Skriv nynorsk konsekvent når du er på jobb! I e-post til kollegaer, notat og presentasjonar.
- Minn deg sjølv på at nynorsk er vedtatt som administrasjonsmålform i kommunen du har valt å jobbe i. Det er hovudmålet ditt, ikkje sidemålet.
- Skriv eit barn - fleire barn, framfor fleire born
- Skriv behandle, framfor handsame. Saksbehandlar, ikkje sakshandsamar. Politisk behandling, ikkje politisk handsaming.
- Skriv dobbel konsonant: komme, velkommen, venn, lønn, utbytte, framfor kome, velkomen, ven, løn, utbyte.
- Skriv først, framfor fyrst (ønske, framfor ynske osb.)
- Også eller òg.
- Eg vil også vere med. Eg vil òg vere med. (NB! Hugs streken over o-en i òg, elles blir det berre eit vanleg og, som i du og eg)
- Skriv hos, framfor hjå.
Kva heiter det på nynorsk?
Språkrådet har ei veldig praktisk oversikt over forslag til nynorske ord for vanlege «administrative» ord og vendingar:
Gå til administrativ ordliste
Vanlege feil
- Antall er bokmål (antall barn i barnehage). Skriv talet på barn, ikkje tal barn.
- Samt er bokmål. Skriv og, (og) dessutan, i tillegg.
Bøying av viktige ord
- arbeider–arbeidde (å arbeide)
- knyter–knytte (å knyte)
- leier–leidde (å leie)
- lønner–lønte (å lønne)
- søker–søkte (å søke/søkje)
- ønsker–ønskte (å ønske/ønskje)
- merker–merkte (å merke/merkje)
- området – fleire område – alle områda
- lokalet – fleire lokale – alle lokala
Hugs at -heit-ord er hokjønnsord i nynorsk:
ei nyheit – nyheita – nyheiter – nyheitene
Råd om omskriving
Om du ikkje vil bruke eit -heit-ord, kan du ofte skrive om. Men det bør ikkje gjerast mekanisk, og i mange tilfelle bør ein la -heit-ord stå. Råda nedanfor kan vera nyttige, til dømes når du skal omsette tekst frå bokmål til nynorsk:
Skil -het frå stamma og erstatt endinga med eit substantiv:
- Tiltalte forsvarte seg med verdighet >
Den tiltala forsvara seg på ein verdig måte / på verdig vis.
- Regjeringen har vist sterkt engasjement for forutsigbarhet i ressursfordelingen >
Regjeringa har vist sterkt engasjement for ei føreseieleg fordeling av ressursane.
- Det er økende sannsynlighet for at >
Det er/blir meir og meir sannsynleg at / stadig meir sannsynleg at
- Regjeringen har lagt vekt på langsiktighet i den økonomiske politikken. >
Regjeringa har lagt vekt på å føre ein langsiktig økonomisk politikk.
Bruk adjektivdelen av -het-ordet saman med eit verb som vere eller bli:
- Det er økende sannsynlighet for at >
Det er/blir meir og meir sannsynleg at / stadig meir sannsynleg at
Tilbake til hovudsida