Ofte stilte spørsmål om mindre avløpsanlegg

Skal du montere mindre avløpsanlegg (slamavskiljar/septiktank)?

Før du monterer eit mindre reinseanlegg eller privat slamavskiljar/septiktank, må du først få utsleppsløyve i samsvar med denne forskrifta
Røyrleggarmelding må òg vere godkjent før arbeidet startar opp.

  • Krav til slamavskiljar for heilårsbustad er 4 m3, med avrenning i tett leidning til sjø eller infiltrasjon. Tømming skjer kvart andre år.
  • Krav til slamavskiljar for fritidsbustader er 4 m3, med avrenning i tett leidning til sjø eller infiltrasjon. Tømming skjer kvart fjerde år.

Her finn du informasjon om korleis du går fram for å registrere slamavskiljar i fritidsbustad.

Eg skal gjere endringar på mitt eksisterande avløpsanlegg. Må eg søke?

Ja. Ved vesentleg endring av anlegg eller vesentleg endring av utslepp må du søke om nytt utsleppsløyve. Vesentleg endring kan vere endring av infiltrasjonsgrøft, utsleppspunkt, plassering, type anlegg m.m.
 
Dersom du skal skifte ut ein komponent i anlegget ditt, for eksempel montere dykker, nytt lokk eller liknande så treng du ikkje å søke om dette. Ta gjerne kontakt med kommunen om du er usikker på dette. 

Eg skal kople meg til eit eksisterande privat avløpsanlegg. Kva gjer eg?

Du sender melding til kommunen om at du skal kople deg til eit eksisterande privat avløpsanlegg. Du sender inn søknad om utsleppsløyve. Her må du legge ved avtale om påkopling på eksisterande felles avløpsanlegg frå anleggseigar.

Anleggseigar skal vurdere om det er kapasitet på anlegget for ny tilknytting. Kommunen vil på bakgrunn av dette og eksisterande utsleppsløyve avgjere om det er tilstrekkeleg kapasitet på anlegget. 

Eg ønskjer å installere WC eller vakuumtoalett med lågt vassforbruk og bere vatnet inn. Må eg søke om utsleppsløyve når vatnet skal førast til tett oppsamlingstank?

Ja, tett tank er søknadspliktig.

Eg har fått pålegg om å utbetre avløpsanlegget for bustaden min. Eg har eit anlegg med ein septiktank (slamavskiljar) som reinsar vatnet før utslepp. Denne løysinga fungerer. Kvifor er ikkje dette godt nok?

Det er ein del stoff som blir haldt tilbake i form av botnslam og flyteslam i slamavskiljaren. Slamavskiljaren har dårleg reinseevne for fosfor, nitrogen og organisk stoff. Reinsegrad for fosfor ligg på omlag 5 %. Det meste av næringsstoffa og organisk stoff i avløpet vert ikkje halden tilbake i slamavskiljaren.

Når det er gitt pålegg om utbetring av slike anlegg er det som regel fordi kommunen ønskjer å redusere utslepp av næringsstoff og organisk stoff og for å unngå uheldig påverknad av utsleppet på resipient (vassdrag).

Gjeld forureiningsforskrifta kapittel 12 for utslepp av gråvatn, dersom det ikkje er innlagt vatn?

For verksemd som berre slepp ut gråvatn, gjeld dette kapittel kun dersom det er innlagt vatn. Dersom det ikkje skal leggast inn vatn i eit hus, er det i utgangspunktet ikkje stilt krav om søknad om utslepp. 

Definisjon på innlagt vatn : vatn frå vassverk, brønn, cisterneanlegg (også innvendige cisterner) eller liknande, som gjennom rør eller ladingar er ført innandørs.

Er det nok å sende inn ein jordprøve frå eigedommen til analyse, dersom eg ønskjer å få ei vurdering på om infiltrasjonsanlegg kan byggast?

Nei, det er ikkje tilstrekkeleg å ta ut ein jordprøve der du antek at infiltrasjonsanlegg kan bli etablert. For å avklare om infiltrasjonsanlegg kan byggast, må du gjennomføre grunnundersøking og vurdering av forureiningsmessige konsekvensar. Dette skal bli utført av firma med naudsynte hydrogeologisk kompetanse.

Kva type reinseløysing skal eg velje for min eigedom?

Val av reinseløysing på eigedommen blir gjort i samråd med ein fagkyndig på bakgrunn av naudsynte undersøkingar. Det er med andre ord ikkje nødvendig at du som anleggseigar må sette deg inn i alle ulike løysingar på marknaden.

Du skal gjere deg kjend med det aktuelle anlegget som er etablert hos deg. Kommunen kan gi rettleiing i slike saker, men kan ikkje fortelje deg kva for ei avløpsløysing du skal velje på din eigedom.  

Sjå www.nibio.no/tema/miljo/mindre-avlop for meir informasjon om dei ulike reinseløysinga på marknaden. 

Må eg ha ferdigmelding?

Når anlegget er ferdig skal du sende inn ferdigmelding. Først når kommunen har mottatt ferdigmeldinga vil du ha eit lovleg utslepp og saken er avslutta. Anlegget vil ikkje bli tømt gjennom kommunal tømmeordning før ferdigmelding er sendt til kommunen.

Må eg betale gebyr ved tømming utanom ordinær tømmefrekvens?

Ja, du må betale eit gebyr dersom bustaden, fritidsbustaden eller bygget har blitt brukt oftare enn planlagt i ein periode og må ha ei ekstra tømming utanom ordinær tømmerunde. Det er eitt gebyr per bueining. For at satsen for ekstragebyr skal gjelde, må bustaden, fritidsbustaden eller bygget elles vere på ordinær tømmerunde, anlegget må vere registrert i kommunen sitt system, og eigaren må ha betalt ordinært slamtømmingsgebyr.

Eigar må sjølv bestille ekstratømming frå Norva24 og betale heile beløpet dei krev inn dersom

  • det private anlegget i bustaden, fritidsbustaden eller bygget ikkje er registrert i kommunen sitt system
  • eigar ikkje har betalt ordinært slamtømmingsgebyr
  • anlegget ikkje har vore tømt grunna avvik i tanken

Her finn du Bjørnafjorden kommune sitt gebyr for å tømme private slamavskiljarar/septiktankar.

Kven kontaktar eg for spørsmål om faktura for slamtømming?

Ta kontakt med Kommunetorget på telefon 56 57 50 00 eller send e-post til kommunalegebyr@bjornafjorden.kommune.no.

Kor lang behandlingstid kan eg rekne med?

Behandlingstida for utsleppssøknad er 6 veker frå kommunen mottar ein fullstendig søknad om utsleppsløyve. Dersom det er god kapasitet i avdelinga, vil du få raskare svar på søknaden din.

Når er det tømming av mitt private avløpsanlegg?
Kva må eg gjere før tømming?

Du må sikre at det er tilkomst til avløpsanlegget for slamtømmebil. Lokket på slamavskiljaren skal vere synleg og tilgjengeleg. Dersom lokket er vanskeleg å finne bør du merke terrenget med eksempelvis ein stav eller liknande.