Brøyting og strøing

Når det kjem snø, sender vi ut alt tilgjengeleg mannskap for å brøyte og rydde. Vi ber om forståing for at vi likevel ikkje kan vere overalt samstundes. Brøyting tar tid. Vi jobbar så raskt og effektiv vi kan.

Kor brøyter og strør vi?

Bjørnafjorden kommune brøyter og strør/saltar alle kommunale vegar og nokre private vegar etter særskilte vedtak. Her kan du sjekke om vegen er kommunal

  • Om natta og i helger blir prioriterte vegar brøyta og strødde. Vi prioriterer kommunale vegar der det køyrer buss, og vegar som leier til helseinstitusjonar. 
  • Resten av dei kommunale vegane, sidevegar og gangvegar/fortau blir brøyta og strødde på dagtid etter behov, og der vi kjem til med utstyr. 
  • Private firma brøyter på oppdrag frå Bjørnafjorden kommune.

På dette kartet kan du sjå status for aktivitet på dei ulike vegane i Bjørnafjorden. Ved snøfall vil du kunne sjå kva for vegar som er brøyta og kor nyleg.

  • Vi forstår godt at det er irriterande om brøytebilen lagar kant inn mot den private innkøyrsla di eller freser snø inn på eigedomen din, men ber om at du ikkje skuffar snøen ut igjen på offentleg veg eller fortau. Det vil kunne skape trafikkfarlege situasjonar.

Slik kan du bidra 

Minst mogleg hindringar gir mest mogleg effektiv brøyting. Som huseigar og bilist har du eit ansvar for å hjelpe til slik at det er framkomeleg på offentleg veg.

  • Ikkje parker bilen slik at han er til hinder. 
  • Takk for at du ryddar vekk bosspann og anna som står i vegen for brøytebilen.
  • Ikkje flytt snø over til naboar eller ut i offentleg veg. Alle husstandar må sørge for å lagre snø på eigen grunn.

Her finn du strøsand

Kommunen har dessverre ikkje kapasitet til å strø overalt der det er glatt. Men vi kan hjelpe kvarandre. Ta gjerne ei bøtte grus frå kommunen sine strøkasser og strø på fortau og vegar i nærområdet ditt. 
Her finn du kommunale strøkasser (XLSX, 25 kB) NB! Oversikta vil bli oppdatert med kommunale strøkasser på Fusa-sida.

Kontakt oss

  • Ring avdeling for samferdsel og VA på telefon 56 57 53 30 (måndag-fredag, kl. 8-15) 
    Utanom arbeidstid kan du ringe teknisk vakt på telefon 982 34 440
    Send e-post

Sjå også: Gratis strøsand til eldre

Kontakt

Samferdsel og VA
Telefon: 56575330