Bålbrenning i BjørnafjordenFrå 15. april til 15. september er det forbode å tenne bål i skog eller utmark, med unntak av på godkjente bålplassar.Dersom du skal brenne bål i skog eller utmark i denne perioden, må du først søkje om godkjenning frå Bjørnafjorden brann og redning.Søk om godkjenning for å brenne bålReglar for bålbrenningBjørnafjorden brann og redning og Bjørnafjorden lensmannskontor har saman laga denne rettleiaren for å gi informasjon og råd til deg som har planar om å gjere opp eld utandørs. (PDF, 2 MB)Målet med rettleiaren er å førebygge skade og ulempe med bålbrenning, informere innbyggarane i kommunen om kva lovar og reglar som gjeld og kva omsyn som må ivaretakastUsikker på regelverket?Sjå § 3 Generelle krav til aktsomhet under innleiande bestemmelser i rettleiing til forskrift om brannførebygging, oppdatert januar 2016 av Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap (DSB). Du treng ikkje søkje for:Brenning av hageavfallDu kan brenne hageavfall i hagen din heile året, med unntak av i totalforbodsperiodar med stor brannfare. Vis omsyn til naboar og bumiljøet. Det er ulovleg å brenne søppel og spesialavfall, som til dømes byggematerialar, plast og store pappmengder. Dette skal kastast i restavfall eller leverast på miljøparken (gjenvinningsstasjonen). Brot på forureiningslova kan straffast med bøter.Sankthans-bål Du treng ikkje søkje brannsjefen om løyve til å brenne bål denne dagen og kvelden, men du må be grunneigar om lov.Bålet må ha god avstand til bygningar, vegetasjon og brennbart materiale.Du må ta omsyn til vind, og ha rikeleg med sløkkevatn tilgjengelegEin ansvarleg vaksen må vere til stadesDet er ikkje lov å brenne søppel eller spesialavfall, som til dømes trykkimpregnerte materialar. Sist endra 28.05.2026 15:04